NSB Arkitektkontor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

NSB Arkitektkontor, som seinare fekk namnet NSB Eiendom Arkitektkontor, vart skipa i 1913 og lagd ned i 2000. Arkitektkontoret var ei verksemd under Noregs statsbanar, og har stått for utforminga av dei fleste stasjonsbygningane langs det norske jarnbanenettet. Fram til midt på 1800-talet var stasjonsbygningane teikna av private arkitektar, og eit føremål med å skipe jarnbanens eige arkitektkontor, var å få ned kostnadene ved prosjektering, bygging og ombygging av stasjonsbygningar og somme andre bygningar på stasjonane.

NSB Arkitektkontor vart lagd ned som fylgje av at organiseringa av bygging og vedlikehaldet på jarnbanen og drifta av toga her i landet vart omlagt på slutten av 1990-talet, mellom anna ved at jarnbanens infrastruktur vart teke hand om av det nyskipa Jernbaneverket, og togdrifta skild ut som verksemder som kunne konkurranseutsetjast. Eit frittståande arkitektkontor som fekk namnet Linje arkitekter, tok over verksemda.