Nachlass

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Nachlass, somme gongar stava Nachlaß, er eit tysk ord som kan verte nytta i akademia om ei samling av etterlatne manuskript, notat, korrespondanse osv. etter ein avdød vitskapsmann eller liknande. Ordet er sett saman av dei tyske orda nach som tyder 'etter' og verbet lassen som tyder 'late'. Fleirtalsforma kan anten vere Nachlasse eller (med omlyd) Nachlässe.[1] Ordet er ikkje vanleg brukt i norsk.

tysk er ordet Nachlass eit vanleg ord som vert nytta om dei aktiva og passiva som ein avdød person let etter seg, altså det som etter norsk språkbruk utgjer dødsbuet. Ordet vert òg nytta om arven etter den døde, og dessutan om dei overleverte arkivalia etter den døde, som til dømes brev og andre dokument som har vore i hans eller hennar eige, og som kan vere eigna til å kaste ljos over livet til vedkomande. Men vart slikt arkivmateriale overlevert eit bibliotek, arkiv eller museum allereie før vedkomande døydde, taler ein om Vorlass i staden for Nachlass.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. http://dictionary.reverso.net/german-english/Nachlass