Nadela

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nadela (Надела)
Utspring Donau-Tisa-Donau-kanalen ved Botoš
Munning Donau ved Ivanovo
Land i nedslagsfelt Flag of Serbia.svg Serbia
Lengd 81 km

Nadela eller Nadel (serbisk Надела eller Надел) er eit system av kanalar og elvar nord i Serbia, og ei 81 km lang sideelv til Donau frå høgre i regionen Banat i provinsen Vojvodina.

Nadela spring ut frå sluseporten Botoš der elva Tamiš kryssar Donau-Tisa-Donau-kanalen i ei høgd på 73 meter. Dette er berre den første av mange sluser langs elva. Fram til Debeljača renn Nadela som ei naturleg elv, men etter Debeljača-dammen, som vert nytta til vatning, er elva mindre vassrik og er meir for ei lita elv eller bekk å rekne. Nadela munnar ut i Donau og dannar ei ei lita øy, Ivanovo Ostrvo, her.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]