Nadiža

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nadiža

Nadiža er ei fjellelv nær byen Kranjska Gora heilt nordvest i Slovenia. Ho spring ut på austsida av fjellet Zadnja Ponca opp or dalen Tamar i Dei juliske Alpane. Ho er den første kjeldeelva til Sava Dolinka, den lengre av dei to kjeldene til elva Sava, som er den lengste elva i Slovenia og ei sideelv til Donau.

Kjelda til Nadiža er nær Tamar fjellheim. Like etter kjelda dannar ho ein ti meter høg foss, nær drikkevasskjelda til Kranjska Gora. Berre om lag 300 meter av elva renn over bakken, for ho forsvinn i grusen nær Rateče. Nadiža dukka opp igjen i den to meter djupe innsjøen Zelenci, som er omgjeve av eit myrlendt våtmarksområde med eit rikt økosystem.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]