Naf-elva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Solnedgang over Naf.
Foto: Shahnoor Habib
Måsar over Naf.

Naf eller Naff (burmesisk နတ်မြစ် naʔ mjɪʔ; rakhine နတ်မြစ် nɛ́ mràɪʔ; bengali নাফ নদী, ná́f nədí) er grenseelv mellom Burma (Myanmar) og Bangladesh.

Naf-elva har utspring i Arakan-fjella og renn ut i Bengalbukta. Ho er 62 km lang og har ei breidd på mellom 1,61 km og 3,22 km. Ho ligg søraust i det bangladeshiske Cox's Bazar-distriktet og aust for den burmesiske delstaten Rakhine. Delstatshovudstaden Sittwe og byen Maungaw ligg på austbreidda. På vestbreidda, nær munningen, finn ein byen Teknaf. Det finst to større elveøyar i elva. Ei av dei, Shapuree, blei erobra av britande under Den første anglo-burmesiske krigen.

Store delar av elva er eit langt estuar og vasstanden blir påverka av tidvatnet. Det finst store mudderflater her og mindre mangroveområde. Høg salinitet frå havvatnet gjer at ein ikkje kan dyrka ris eller grønsaker langs store delar av breiddene. Elveområda er derimot veleigna for fiske og rekeoppdrett.

Som grenseelv har Naf lenge vore nytta for smugling av alt frå mat, husdyr og trevirke til heroin. Ho har også fleire gonger blitt brukt av flyktningar og utvandrarar. Forfølgde rohingyafolk frå Burma har kryssa elva på 1990-talet, då fleire av dei slo seg ned i flyktningeleirar på den bangladeshiske sida av elva, og seinare. I juni 2012 blei fleire flyktningebåtar sende tilbake av bangladeshiske styresmakter. Naf har også vore brukt som utfartsåre av burmesarar og bangladesharar som vil til Malaysia. Dette er ei farleg ferd som kan enda med døden.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Naf-elva

Koordinatar: 20°43′N 92°22′E

Kjelder[endre | endre wikiteksten]