Navarra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Nafarroa)
Navarra
Comunidad Foral de Navarra
Nafarroako Foru Erkidegoa
region
Flagg
Symbol
Land  Spania
Hovudstad Pamplona
Areal 10 391 km²
Type Autonom region
Folketal 661 537 (2021)[1]
Postnummer M
Kart
Navarra
42°49′00″N 1°39′00″W / 42.816666666667°N 1.65°W / 42.816666666667; -1.65
Wikimedia Commons: Navarre

Navarra (baskisk Nafarroa) er ein av sytten autonome regionar i Spania og ligg nord i landet. Regionen har òg status som provins.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Eit kapell i Roncesvalles.

I tida under Romarriket var området som i dag utgjer provinsen busett av vaskonar, eit førromersk folk som var busett på sørsida av Pyreneane. Vaskonane klarte å halde på sitt eige baskiske språk og tradisjonar sjølv under det romerske styret.

Området vart aldri heilt underlagt verken vestgotarane eller arabarane. I år 778 e.Kr. slo baskarane ein frankisk arme i slaget ved Roncevaux-passet. To generasjonar seinare, i 824, vart høvdingen Iñigo Arista vald til konge av Pamplona, og la grunnlaget for det seinare Kongedømet Navarra. Dette kongedømet nådde eit høgdepunkt under regjeringstida til Sancho III av Navarra og dekte eit område som i dag utgjer Navarra, regionen Baskarland og La Rioja, samt delar av det moderne Cantabria, Castilla y León og Aragon.

Etter Sancho III døydde vart kongedømet delt mellom sønene hans og vart aldri like viktig igjen. Armeen til Navarra kjempa i lag med andre kristne spanske kongedøme i det avgjerande slaget ved Las Navas de Tolosa i 1212, som gjorde at muslimane på Den iberiske halvøya sakte vart redusert til små område i sør.

I 1515 vart det meste av Navarra nedanfor Pyreneane—Øvre Navarra—teken opp i det nysamla kongedømet Spania, men klarte å halde på nokre særeigne rettar. Den vesle delen av Navarra som ligg nord for Pyreneane—Nedre Navarra—kom seinare under fransk styre då Huguenot-styret vart kong Henrik IV av Frankrike. Etter Den franske republikken vart erklært og Ludvig XVI av Franrike, den siste kongen av Frankrike og Navarra, vart avretta, vart kongedømet ein del av det samla Frankrike.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Javierborga.

Navarra består av 272 kommunar og har totalt kring 600 000 innbyggjarar. Om lag ein tredjedel bur i hovudstaden Pamplona og halvparten i storbyområdet rundt byen. Det er ingen større kommunar i regionen. Dei nest største er Tudela (32 802), Barañáin (22 401), Burlada (18 388), Estella - Lizarra (13 892), Zizur Mayor (13 197), Tafalla (11 040), Villava/Atarrabia (10 295) og Ansoáin (9952).

Trass i at regionen er liten har han store geografiske kontrastar, frå Pyreneane som dominerer området, til slettene ved elva Ebro i sør.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Klimaet i Navarra er påverka av både Pyreneane og Ebrodalen, og ein har stor skilnad i nord (med mykje meir fukt og ein del regn) og i sør (meir middelhavsklima med høgare temperaturar og meir sporadisk nedbør). Ein kan reise frå dei fuktige kantabriske dalane i nord til den tørre, steppeliknande Bardenas Reales ved breidda av Ebro på berre nokre få kilometer.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Navarra