Nahf

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nahf
נַחְף, نحف, Nahef, Naḥf
lokal kommune
Land  Israel
Distrikt Nord
Koordinatar 32°55′53.94″N 35°19′10.51″E / 32.9316500°N 35.3195861°E / 32.9316500; 35.3195861
Areal 6,1 km²
Folketal 7 800  (2011)
Folketettleik 1 279 / km²
Kart
Nahf
32°55′55″N 35°19′03″E / 32.931944444444°N 35.3175°E / 32.931944444444; 35.3175
Wikimedia Commons: Nahaf

Nahf (arabisk نحف, Naḥf eller Nahef; hebraisk נַחְף)[1] er ein arabisk by i Nord distrikt Israel. Han ligg mellom nedre og øvre Galilea, kring 23 km aust for Akko. I 2011 hadde byen eit folketal på 7 800.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Landsbyen er gammal og har ruinar frå romersk tid og mellomalderen. Han vart kalla «Nef» i krossfarartida.[3][4][5] I 1250 vart han nemnd i lag med Beit Jenn, Jalun og ander stader i området som ein del av området som høyrte til Den tyske riddarordenen.[6][7]

Eit kart frå 1799 av Pierre Jacotin synte staden, kalla «Nafeh».[8]Victor Guérin vitja Nahf i 1875, skildra han landsbyen som ein stad med 400 muslimar og somme gresk-ortodokse familiar,[9] medan Nahf i 1881 vart skildra som ein landsby bygd av stein med 200 muslimar, oliven og dyrkbar mark.[10]

Det britiske mandatet[endre | endre wikiteksten]

I ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene, hadde Nahf eit folketal på 818, to jødar, seks kristne og 810 muslimar,[11] som i folketeljinga i 1931 hadde auka til 994, alle muslimar, i 194 hus.[12]

I 1945 var folketalet i Nahf 1 320, alle arabarar, som eigde 15 745 dekar land i følgje ei offisiell landmåling.[13] 1 088 dekar var plantasjar og irrigert land, 4 571 nytta for korn,[14] medan 44 dekar vart utbygd (urbant) land.[15]

1948 og tid etter[endre | endre wikiteksten]

Nahf vart erobra av Israel den 18. juli 1948 under Operasjon Dekel leia av Sheva-brigaden. Den lokale militsen i landsbyen og frivillige i Den arabiske frigjeringshæren var med på å forsvare landsbyen. Byen vart ståande intakt og få av innbyggjarane flykta frå heimane sine. Folkesetnaden vart verande i unntakstilstand fram til 1966.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Palmer, 1881, s. 64, 92
  2. Integrating Arabs in the Workforce, Jerusalem Post
  3. Pringle, 1997, s. 114
  4. Petersen, 2001, s. 239
  5. Conder and Kitchener, 1881, SWP I, s. 255. Sitert i Petersen, 2001, s. 239
  6. Conder and Kitchener, 1881, SWP I, s. 208
  7. Strehlke, 1869, s. 78-79, No. 100; sitert i Röhricht, 1893, RHH, s. 308, No. 1175
  8. Karmon, 1960, s.166, Sitert i Petersen, 2001, s. 239
  9. Guérin, 1880, s. 451 - 452 Cited partially in Conder and Kitchener, 1881, SWP I, s. 255. Translation in Petersen, 2001, s. 239
  10. Conder and Kitchener, 1881, SWP I, s. 203
  11. Barron, 1923, Table XI, Underdistrikt of Akko, s. 36
  12. Mills, 1932, s. 102
  13. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 41[daud lenkje]
  14. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 81[daud lenkje]
  15. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 131[daud lenkje]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]