Naja Marie Aidt
Naja Marie Aidt (fødd 24. desember 1963) er ein dansk forfattar. Ho vart fødd i Aasiaat på Grønland og voks opp dels på Grønland og dels på Vesterbro i København. Aidt debuterte i 1991 med diktsamlinga Så længe jeg er ung.
Naja Marie Aidt er tildeld fleire prisar, mellom anna Nordisk råds litteraturpris 2008 for novellesamlinga Bavian. Komitéen sa i grunngjevinga for tildelinga at gjennom heile boka går ein straum som på same tid er både yndefull lett og illevarslande dyster og at Aidt har innteke ein framståande plass i sin generasjon av danske forfattarar. For Bavian fekk ho óg den danske Kritikerprisen for 2006.
Bøkene til Aidt er ikkje omsette til norsk, men nokre av dei er komne i italiensk, svensk og tysk utgåve.
Verkliste [endre]
- 2006 – Bavian – novellesamling
- 2006 – Åsted – skodespel
- 2006 – Tag og kys det hele fra os saman med Viggo Madsen – dikt
- 2006 – Hvor er Villy? – barnebok
- 2005 – Strings – manuskript til spelefilm
- 2005 – Zakarias og alle de andre – barnebok
- 2004 – Rundt på gulvet – skodespel
- 2002 – Balladen om Bianca – lyrikk, kortprosa og ei barneforteling
- 2002 – Begyndelsen til en historie/Så börjar en historia – diktsamling
- 2000 – Den lille Havfrue – operalibretto
- 2000 – Tilbage til byen – manus til kortfilm for barn
- 2000 – Siska – skodespel
- 1999 – Rejse for en fremmed – diktsamling
- 1998 – Tjenende ånder – høyrespel
- 1998 – Blæs på Odysseus – korsongar
- 1996 – Ubrydeligt – høyrespel
- 1996 – Huset overfor – diktsamling
- 1995 – Tilgang – novellesamling
- 1994 – Det tredje landskab – diktsamlng
- 1993 – Vandmærket – novellesamling
- 1992 – Et vanskeligt møde – diktsamling
- 1991 – Så længe jeg er ung – diktsamling
Prisar og utmerkingar [endre]
- 2008: Nordisk Råds litteraturpris
- 2006: Den danske Kritikerprisen
- 2004: Beatriceprisen
- 1996: Herman Bangs mindelegat
- 1996: Martin Andersen Nexø Fondens Pris
- 1993: Gyldendals Boglegat
Bakgrunnsstoff [endre]
- Oppføring for Naja Marie Aidt på litteratursiden.dk
- Oppføringa for Naja Marie Aidt på litteraturpriser.dk
- Nettstaden til Nordisk Råd: «Naja Marie Aidt - vinnare av Nordiska rådets litteraturpris år 2008»
- Tildelinga av Beatriceprisen frå Det Danske Akademi
Denne artikkelen byggjer på «Naja Marie Aidt» henta frå Wikipedia på dansk 29. februar 2008.