Nakhitsjevan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nakhitsjevan autonome republikk (Naxçıvan Muxtar Respublikası)
region
flagg
Hovudstad Nakhitsjevan
Areal 5 363 km²
Folketal 410 100 (2011[1])
Tettleik 75,03 / km²
Opprettinga av Nakhitsjevan ASSR
9. februar 1924
 - Nakhitsjevan
autonome republikk

17. november 1990
Parlamentarisk leiar Vasif Talibov
Plasseringa til Nakhitsjevani Sør-Kaukasus
Plasseringa til Nakhitsjevan
i Sør-Kaukasus
Detaljkart
Detaljkart

Nakhitsjevan (aserbajdsjansk Naxçıvan, meir offisielt Naxçıvan Muxtar Respublikası) er ein autonom republikk tilhøyrande Aserbajdsjan. Området er ein eksklave med Armenia mellom seg og det øvrige landet. Nakhitsjevan er 5 500 km² stort og har omkring 310 000 innbyggjarar. Hovudstad er Nakhitsjevan. Forutan mot Armenia i nord og aust grenser Nakhitsjevan mot Iran i sør og vest samt mot ein liten tyrkisk remse mellom Iran og Armenia i nordvest.

Armenia har rekna (og reknar delvis enno) området som armensk. Nakhitsjevan reknar seg sjølv som eit sjølvstendig land, men er ikkje anerkjend av andre nasjonar. Som land har dei derimot sjølv, forutan Tyrkia, anerkjend det tyrkiskkontrollerte Nord-Kypros som eit eige land. Den førre aserbajdsjanske presidenten Heydər Əliyev kom frå Nakhitsjevan.

I lågareliggande delar av platået vert det drive jordbruk ved hjelp av kunstig vatning (bomull, tobakk, ris, frukt, vin, silke). Det er òg tekstil- og næringsmiddelindustri i regionen, samt noko gruvedrift.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Området vart oppretta som autonom republikk i februar 1924. Folkesetnaden har gjennom 1500 år hatt ein særs vekslande historie under skiftande herrar, mellom anna persarar, arabarar, seldsjukkar, mongolar, Det osmanske riket og igjen Iran, før russarane annekterte området i samband med den russisk-persiske krigen 1828. I 1924-1991 var Nakhitsjevan ein autonom republikk i sovjetrepublikken Aserbajdsjan, og frå 1991 autonom republikk i den sjølvstendige staten Aserbajdsjan.

I 1990 erklærde Nakhitsjevan (som første sovjetrepublikken) seg sjølvstendig av Sovjetunionen. Republikken vart gjenerobra i løpet av eit par dagar. På trass av den korte varigheita vert ofte denne lausrivinga rekna som det første forvarselet om at Sovjetunionen kom til å gå i oppløysing.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]