Namnetabu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Namnetabu er ei form for språktabu der ein unngår å bruka visse namn. Både særnamn og samnamn kan omfattast av tabu. Det finst mange ulike former for namnetabu i ulike samfunn, frå forbod mot å omtala byttedyr til forbod mot å skriva namnet til ein keisar, og fleire ulike grunnar til å la vera å bruka namna, til dømes at ein må visa respekt eller trur det vil bringa ulukke å bruka namnet.

Namnetabu kan strekka seg vidare til sjølve språket ved at ein heller ikkje bruker ord som bygger på forbodne namn. Sanksjonar mot å bryta slike tabu kan gå frå irritasjon frå andre i samfunnet til dødsstraff. Ein kan bruka ulike måtar til å omgå namna på, til dømes ved å skildra personen eller ved å bruka ein tittel, eit kallenamn eller ei omskriving.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Namnetabu har ofte samanheng med rang. Dei fleste amerikanarar ville ha vanskar med å tiltala presidenten sin ved namn, på same måten som få nordmenn ville tiltala kongen som «Harald».

Som andre tabu kan det vera vanskeleg å fastslå kvifor namnetabu finst. Ein kan likevel skimta nokre grunnar som går igjen:

  • Ulike former for namnemagi, som at å kjenna eit namn gjev makt over namneberaren eller at å seia eit namn kan mana fram den som eig det.
  • Avstand. Det å bruka eit namn kan visa nærleik til noko eller at ein kjenner nokon, medan å ikkje bruka det signaliserer avstand eller respekt.

Namnetabu for menneske[endre | endre wikiteksten]

Å omgå namnet eller delar av det bringar meir avstand mellom talaren og den omtala, noko som blir rekna som høfleg i mange samfunn.

Slekt[endre | endre wikiteksten]

Måleri av familien Vonderbank frå 1800-talet av Carl Adolf Mende (1807–1857). Europeiske namnetabu innan familien er blitt noko mjukna, men finst framleis.

Samfunn over heile verda har forbod mot å nemna slektningar, anten naturlege eller gjennom giftarmål, ved namn. Tabuet kan til dømes dekka eldre slektningar eller alle slektningane til ektemaken. Det kan òg gjelda enkeltpersonar, som ektemake, svigerforeldre eller eldre sysken.

Blant yanomamiar i Amazonas finst namnetabu som blir strengare jo nærare ein er i slekt med dei som skal omtalast.

I Europa finst eit tabu mot å kalla eldre slektningar ved namn. Ein kan i staden bruka eit slektskapsord for dei, til dømes «Papa», «Moder», «moster», «Opa» eller «Nan». Skikk og Bruk frå 1960 oppgjev at barn tiltaler foreldra som «mor» og «far», mens søsken av foreldre vert tiltalt forskjellig frå familie til familie, som «onkel» og «tante», «faster»/«moster» eller berre med fornamn, eller onkel og tante etterfølgd av fornamn.[1] Dette tabuet er noko svakare i dag, men svært mange europearar vil likevel kvia seg for å kalla foreldre eller besteforeldre ved namn.[2] Eit tidlegare tabu for kvinner mot å bruka fornamnet til ektemannen sin fann ein fleire stader. Desse brukte i staden etternamnet eller tittelen på stillinga hans.

I India hadde ektefellar lenge eit sterkt tabu mot å seia namnet til ektemaken sin. Dette tabuet blir framleis følgd i tradisjonelle familiar, særleg på landsbygda.[3] I staden for namnet kan ein bruka eit særskilt tiltaleord, anten eit ord som berre blir brukt for ektemenn eller koner, eit respektfullt ord som «eldre bror» eller «far», eit slektskapsord som «søskenbarn», eller «onkel», som kan stamma frå kven ein ofte gifta seg med i eit visst samfunn, eller eit ord som viser til yrket hans, som «herr advokat» (vakil sahib) eller «herr lege» (doctor sahib). Andre måtar å omgå tabuet på er å bruka ord som «du», «hei du» eller «høyrer du?».[3]

I det keisarlege Kina hadde kvar klan eller familie eit namnetabu mot å bruka namnet på nokon av forfedrane. I diplomatiske dokument og brev mellom klanar følgde ein namnetabuet til kvar klan. Generelt sett unngjekk ein forfedrane sitt namn så langt tilbake som til sjuande ledd.

Namnetabuet vert ikkje like strengt fylgt opp i dag, men framleis unngår mange å gje ungane sine det same eller liknande namn som forfedrane hadde.

Rang[endre | endre wikiteksten]

Britiske House of Commons har fleire gamle tradisjonar, mellom anna bruker ein ikkje namnet om andre medlemmer av huset når ein snakkar om dei.

Mange stader er det vanleg å visa nokon som har høgare rang enn ein sjølv respekt ved å ikkje seia namnet deira. Dette kan gjelda eldre personar, samfunnsleiarar og gudar, eller ein kvar person (av same eller høgare rang som ein sjølv) som ein ikkje kjenner. Tabuet kan gjelda for alle høve, eller berre i spesielle situasjonar.

Over store delar av verda er det framleis vanleg å tiltala personar av ei viss rang med ein gitt tittel heller enn namnet deira. Dette gjeld særleg i samband med representantar for styresmaktene, som kongelege (dei fleste nordmenn vil tiltala den norske kongen som «Dykkar/Hans Majestet» eller «Kongen»[4]), folkevalde i nasjonalforsamlingar (ordstyraren i Stortinget blir tiltalt som president, i det britiske underhuset omtaler representantar kvarandre som «the honourable member») eller dommarar i rettssaker («Your Honour» eller «Mylord» i den engelsktalande verda), eller kyrkja (prestar blir fleire stader tiltala som 'far' med ord som «Father», «Padre», «Pater»).

Fram til 1900-talet var det vanleg å berre bruka etternamnet til personar ein ikkje kjende godt i Europa, gjerne saman med ein tittel, som «doktor», «herr» eller «fru». Dette namnetabuet er blitt svakare i ei rekkje land, men er framleis i bruk, og bruk av etternamnet heng ofte saman med å bruka høfleg tiltaleform av personleg pronomen («De»).

I India blir det rekna som respektlaust å tiltala eldre personar med namnet deira. I staden har ein kompliserte system for titlar som erstattar namna. Personar som er litt eldre blir gjerne tiltala med det respektfulle «dsji» (ji) på hindi. Overalt i India kan dei òg kallast «storebror», «storesøster» eller liknande. Personar som høyrer til ein tidlegare generasjon blir gjerne «tante» eller «onkel», medan dei som er endå eldre blir kalla «mor», «far», «bestemor» eller «bestefar».

Ved å utelata den siste delen i kvart av teikna til keisar Kangxi sitt namn 玄 (xuán) og 燁 (yè) kunne ein omgå det statlege namnetabuet i Kina.

Det statlege namnetabuet i Kina var eit forbod mot å bruka personnamnet til keisaren og forfedrane hans. Forbod mot å bruka keisarnamn var langvarig, og hadde mange følgje. Under Qin-dynastiet unngjekk ein Qin Shi Huang (260 f.Kr.–210 f.Kr.) sitt namn Zheng (政), slik at den fyrste månaden i året «zheng yue» (正月, 'den opprette månaden') i staden vart kalla «duan yue» (端月, 'den korrekte/opprette månaden'). Keisar Xuanzong av Tang (685-762) gav ordre om at undersåttar med slektsnamnet Ji måtte endra namn til Zhou for å imøtekoma tabuet mot å bruka personnamnet hans, Longji.[5] I 1777 skreiv Wang Xi Hou den dåverande keisaren Qianlong sitt namn på ei bok, noko som førte til at både Wang Xi Hou og slektningane hans vart avretta.

Ein kunne omgå forbodet ved å endra forbodne skriftteikn til eit synonymord eller eit homofont teikn til det ein skulle unngå, som då ein endra Xuanwu-porten (玄武門, 'svart krigar-porten') i Beijing til Shenwu (神武門 'guddommeleg styrke-porten') for å unngå Xuan-teiknet i namnet til keisar Kangxi, Xuanye (玄燁).

Avdøde[endre | endre wikiteksten]

Medan namnetabu kan forsvinna når ein person er død, er det meir vanleg at dei oppstår ved døden. Ofte frykter ein at ånda til den døde skal koma tilbake og plaga dei levande.

Tabuet er gjerne sterkare jo viktigare den døde var, og blir svakare jo lengre tid som går, og kan falla vekk til dømes når kroppen til den døde har rotna vekk. Ein kan omgå tabuet ved å endra namnet til den avdøde straks etter døden. Ord som bygger på namnet til den avdøde kan gå ut av språket, anten i ei viss tid eller for alltid.

Ein finn døme på slike tabu over heile verda, særleg i heile Stillehavsområdet, men også blant ulike amerikanske urfolk som yanomamiar og goajiroar, afrikanske folkegrupper som masaiar, tuaregar, nandiar og akambafollk og asiatar som ainuar, nenetsarar, nokre mongolar og sørindiske todafolk. Ein kan òg sjå det kinesiske forfedretabuet som eit tabu mot å namngje dei døde forfedrane.

Namnetabu for makter og dyr[endre | endre wikiteksten]

Religion[endre | endre wikiteksten]

Gud er i jødisk religion strengt omfatta av namnetabu. Fordi namnet hans berre kunne uttalast i Tempelet i Jerusalem, som blei øydelagd, er vokallydane i det i dag ukjende.

Det finst både svake og svært sterke namnetabu når det gjeld gudar. Ein skal gjerne visa respekt for gudar ved å ikkje bruka namnet deira i utide. Ein finn namnetabu innan jødedommen, kristendommen og fleire heidenske gudesystem, men mange andre religionar, som hinduismen og islam, har ikkje namnetabu for gudar.

Det best kjende gudsnamntabuet er truleg namnet til den jødiske guden, som berre kunne uttalast éin gong i året, i Tempelet i Jerusalem. Namnet blir skrive som JHVH, men vokallydane i namnet er ukjende. Truande jødar vil unngå å uttala dette namnet og i staden omtala Gud som «Herren», «Den Evige», «HaSjem» (‘Namnet’) eller liknande. Somme vil også unngå å skriva ordet «Gud» på andre språk og vil i staden skriva det som «G-d».

Også innan kristendommen finst eit liknande tabu til ei viss grad. Mange stader, til dømes i Noreg, har det vore forbode å gje ungar namnet Jesus. Tabuet mot å bruka namna Gud eller Jesus har skapt mange norske omskrivingar («Gid», «Jøssenam»), men det finst òg brot som «Herregud!». Slike bannord viser at tabuet ikkje er absolutt, det kan brytast i visse samanhengar.

Andre gudssystem, til dømes det førkristne kviterussiske, hadde også namnetabu for gudane. Ein gav gudane kallenamn heller enn å omtala dei ved namn. Først etter at kviterussarane blei kristne kunne dei byrja å bruka namna på dei gamle gudane ope.

Det heilage namnetabuet i Kina var eit tabu mot å bruka namnet på respekterte personar. Eit døme på eit slikt religiøst tabu var forbod mot å bruka namnet til Konfutse som særleg stod sterkt under Tang- og Tang-dynastiet.[6]

Vonde makter og hendingar[endre | endre wikiteksten]

I ei rekke samfunn har ein tradisjonelt unngått å nemna noko som er skremmande eller farleg ved namn av redsle for å påkalla dei. I norsk tradisjon har ein til dømes styrt unna det rette namnet på Satan eller Djevelen, og i staden laga ei rekke omskrivingar, som «Styggen», «Gamle-Eirik» og «Dæven». Blant parsarar bør ein ikkje nemna noko som helst vondt, som død eller sjukdom, fordi ein div kan høyra «ønsket» og oppfylla det. For å unngå at slikt skjer vil ein som seier eller høyrer ei slik ulukkesbringande ytring seia «ovario, ovario», knipsa med fingrane og vifta det vonde vekk.

Rovdyr[endre | endre wikiteksten]

I staden for å kalla bjørnen ved namn kunne ein kalla han «brun» eller «hårete».

Tradisjonelt har det hefta namnetabu ved rovdyr som bjørn og ulv. Ulven er kjent for å ha mange omskrivingar, som «varg», «gråbein». Tabuet for bjørn blant germanske og slaviske folk var så sterkt at det opphavlege ordet (som blei til arkhtos på gresk og ursus på latin) har gått heilt ut av desse språka. I staden bruker ein noa-ord som 'brun' (nordisk «bjørn», nederlandsk «beer», moravisk «brno»), 'honning-etar' (russisk «medved», polsk «niedzwiedz») eller 'hårete' (litauisk «lokys», gammalprøyssisk «clokis»).[7]

Byttedyr[endre | endre wikiteksten]

I samband med jakt på visse dyr kan det vera tabu å kalla dei ved namn. I Noreg skulle ein til dømes ikkje omtala fiskeslaget kveite med dette namnet, for då ville fisket slå feil. I staden finst ei rekkje andre namn på fisken, med «gudsfisken» som det best kjente. Frå Vestlandet er det kjent at hjorten særleg i jakttida berre blir omtala som "dyr", også stadnamn som inneheld "dyr" er her gjerne knytt til hjort, feks Dyrhaugen, Dyratona osv.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Waldemar Brøgger: Skikk og Bruk J.W. Cappelens Forlag 1960
  2. Sjå til dømes ordskifte rundt Barn som kaller (biologiske) foreldre ved fornavn ved VGdebatt
  3. 3,0 3,1 Geeta Pandey (28. juli 2017), «Calling your husband by name for the first time», BBC Magazine, BBC News (Delhi) 
  4. Vestads «Mål og middel», arkivert frå originalen 16. oktober 2007, henta 22. januar 2009 
  5. People's Daily Online (henta 6. februar 2007)
  6. Adamek, Piotr (5. juli 2017), Good Son is Sad If He Hears the Name of His Father: The Tabooing of Names in China as a Way of Implementing Social Values (på engelsk), Routledge, ISBN 9781351565219, henta 24. august 2019 
  7. Charles Bigelow: The Brown One, The Honey Eater, The Shaggy Coat, The Destroyer