Namsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Namsen.jpg

Namsen (sørsamisk Nååmesje) er ei elv i Nord-Trøndelag, om lag 200 km lang og med drygt 6000 kvadratkilometer nedbørsfelt. Ho startar i Store Namsvatnet, Røyrvik kommune, og munnar ut ved byen Namsos. Viktige elvar som renn ut i Namsen er Bjøra og Sandøla.

Undervegs gjennom Namdalen er elva regulert med fleire dammar, mellom anna ved utløpet av Namsvatnet og i kommunen Grong (Åsmulfoss, Aunfoss, Øvre og Nedre Fiskumfoss).

Av fiskeslag finn ein aure og laks, samt laksearten namsblank. Det er observert ørekyte i Namsvatn og ein fryktar konskvensene for laks- og aurefisket når denne spreier seg nedover vassdraget. Elva vert rekna som ein av dei beste lakseelvane i Noreg og årleg kjem mange fiskarar frå heile Europa for å fiske. Særleg kjem folk frå Sverige, Danmark og Tyskland for å delta i det årlege fisket som vert rekna for å gje mellom 20 og 35 tonn. I løpet av sesongen vert Grong laksefestival arrangert. I Harran, ved Fiskumfoss, finn ein Norsk Lakseakvarium.

I 1959 gjekk to store leirras i det nedre løpet av elva, i kommunen Overhalla; ein million m³ ved Vibstad, den 22. februar, og 3 million m³ ved Furre, den 14. april.

Isproppar og flaumar den 31. januar 2006 gav den største flaumen sidan NVE starta flaummåling i området for 90 år sidan. I løpet av tre døgn fall det 150-300 mm nedbør som regn over området og snøsmeltinga medverka med 10-50 mm.