Namsvatnet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Namsvatnet | |
|---|---|
| Stad | Røyrvik (Nord-Trøndelag) |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Overflateareal | 39,38 km² |
| Kystlengd1 | 73,76 km |
| Høgd over havet | 455 moh |
| 1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. | |
Namsvatnet (samisk: Nååmesjenjaevrie) er ein innsjø i Røyrvik kommune i Nord-Trøndelag fylke. Elva Namsen danna tidlegare det viktigaste utløpet, men ved reguleringa i 1959 vart han demd opp (garder måtte då fråflyttast), og tunnel lagd ned til Vektaren. Vatn kjem til via Orvasselva frå Orvatnet, samt frå elva Vierma som kjem frå sjøen Vierma. Namsvatnet har røye, aure og ørekyte.
I dag er turistverksemd ein viktig aktivitet. Via 9 km båttransport frå Namsvassgrenda til nordenden av vatnet kjem ein til Børgefjell nasjonalpark. Der finn ein òg «Kristi Krybbe», ei villmarkskyrkje (fjellkapell) mykje brukt i sommarhalvåret.