Nanga Parbat
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Nanga Parbat | ||
|---|---|---|
|
|
||
| Høgd over havet | 8125 m. | |
| Ligg i/på | Pakistan | |
| Fjellkjede | Himalaya | |
| Koordinatar | 35°14′18″N, 74°35′22″E | |
| Førsteklatring | 3. juli 1953, Hermann Buhl | |
Nanga Parbat (også kjend som Diamir), 8125 moh., er verdas niande høgaste fjell, og det nest høgaste fjellet i Pakistan. Nanga Parbat tyder «nakent fjell» på urdu/hindi.
Nanga Parbat ligg i Himalayas vestlegste del, og er den av verdas fjell på over 8000 meter som ligg lengst vest. Fjellet ligg like sør for Indus-elva, i Diamir-distriktet i det nordlege Pakistan. Like nord for Nanaga Parbat ligg den vestlege delen av Karakoram-kjeden.
Nanga Parbat er ikkje eitt enkelt fjell, men ein 20 kilometer lang kjede som reisar seg høgt over det omkringliggande landskapet. Den sørvestlege delen av denne kjeden er kjend som Mazeno Ridge, og består av ein rekkje toppar. Mot andre sida strekkjer hovudryggen seg mot aust, før den dreiar nordaust mot Rakhiot Peak (7070 m).
Den voldsomme sørflanken, kjend som Rupal Face, dominerar sør/søraustsida av fjellet. Den reisar seg 4600 meter over dalen under, og reknast som kanskje verdas største fjellside. Den noko slakare nordsida, Rakhiot Face, har også ein veldig stigning over ein relativt kort strekning. Rakhiot-sida fell over 7000 meter frå toppen og ned til Indus-elva berre 27 kilometer unna.
Nanga Parbat reknast som eit veldig krevande fjell å klatre, og det har blitt omtalt som «dødens fjell» av lokalbefolkninga. For kvar tredje klatrar som har stått på toppen av Nanga Parbat, har éin døyd. Dette gir ein dødsrate på 30 prosent, og berre Annapurna kan vise til ein høgare dødsrate av fjell i Himalaya.
Toppar i Nanga Parbat-kjeden:
| Nanga Parbat hovudtoppen | 8125 m |
| Schulter | 8070 m |
| Sørtoppen | 8042 m |
| Nordausttoppen | 7910 m |
| Nordtoppen | 7815 m |
| Nordtoppen II | 7785 m |
| Silberzacken | 7597 m |
| austtoppen | 7530 m |
| Rakhiot Peak | 7070 m |
[endre] Klatrehistorikk
Klatrarar byrja tidleg å forsøke å klatre Nanga Parbat. Allereie i 1885 gjennomførte den britiske fjellklatraren Albert Mummery ein ekspedisjon til fjellet. Dei kom heilt opp til 7000 meter på fjellets vestside (Diamir Face). Mummery og to av hans Gurkha-hjelparar døydde seinare under rekognosering av Rakhiot-sida.
Seks tyske ekspedisjonar gjorde forsøk på fjellet i 1930-åra, utan å lykkast og med store tap av menneskeliv. Ekspedisjonane kom opp til 7700 meter på austryggen, via Rakhiot-sida. Nanga Parbat blei kjend som «det tyske fjellet» blant fjella på over 8000 meter, i motsetning til Annapurna og Mount Everest, som blei karakterisert som «fransk» og «britisk» på grunn av det høge antalet klatrarar frå Frankrike og Storbritannia på desse fjella.
Toppen blei klatra for første gong 3. juli 1953, av austerrikaren Hermann Buhl. Han klatra toppen aleine, etter at dei øvrige klatrarane i ekspedisjonen hadde snudd. Buhl er den einaste klatraren som har klatra eit fjell for første gong over 8000 meter aleine og utan kunstig oksygen-tilførsel.
Nanga Parbat fekk sin andre bestigning i 1962. Ein tysk ekspedisjon klatra til topps via ein rute i venstrekant av den rasutsatte Diamir-sida, og etablerte det som i dag er den mest brukte ruta opp fjellet.
I 1970 klatra brørne Reinholdt og Günther Messner toppen via ein direkterute opp den enorme Rupal-sida, i det som blei den tredje bestigninga av fjellet. Ute av stand til å returnere same vei som dei kom opp, gjennomførte de to også den første traversen over toppryggen, og klatra ned Diamir-sida. Günther blei tatt av eit snøskred og forsvann under turen ned.
I 1978 returnerte Reinhold Messner til Nanga Parbats Diamir Face, og gjennomførte den første bestigning heilt utan ekspedisjonsstøtte (solo over Base Camp) av eit fjell på over 8000 meter.
I 1984 blei franske Lilliane Barrard første kvinne på toppen av Nanga Parbat.
I 1990 blei Andreas Fredborg første, og pr. 2007 einaste nordmann på toppen av Nanga Parbat. Fredborg klatra fjellet utan bruk av kunstig oksygentilførsel.
[endre] Eksterne lenkjer
|
|
||
|---|---|---|
|
Everest | K2 | Kangchenjunga | Lhotse | Makalu | Cho Oyu | Dhaulagiri | Manaslu | Nanga Parbat | Annapurna | Gasherbrum I | Broad Peak | Gasherbrum II | Shisha Pangma |
||

