Nanna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå og namnet Nanna
Balder og Nanna med Hermod. Illustrasjon frå 1893.

Nanna Nepsdotter er kona til Balder i norrøn mytologi . Nanna og Balder er båe æser. Nanna var dotter av ein Nep, og mor til guden Forsete. Ho er rekna til åsynjene, men det er sagt lite om kva område ho er gudinne for.

Nanna døydde av sorg då Balder døydde. Hjartet brast av sorg då ho såg Blader vart budd til bålferd. Då vart ho lagd på båten saman med Balder. Sjølv om Hermod rid til Hel for hente Balder tilbake til livet, lukkast han ikkje, og Nanna og Balder må bli i dødsriket.

I følgje Skaldskaparmål er Nanna ei av dei åtte åsynjene som er til stades i gildet til Ægir. Skaldskaparmål nyttar namnet hennar som kenning for ei gyger.

I Gesta Danorum er Nanna emne for ei trette mellom Balder og Hod, som båe vil ha henne som kone.

Etter Chronicon Lethrense er Nanna gift med kong Vigleik av Angeln. Ho er dotter av Hrœrekr Slöngvanbaugi, son av Hod. Nanna og Vigleik er foreldra til kong Vermund av Angeln.