Nanping

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nanping (gul) i Fujian

Nanping (kinesisk skrift 南平, pinyin Nánpíng) er eit byprefektur nordvest i provinsen Fujian i Folkerepublikken Kina. Byprefekturet har eit areal på 26 278 km², folketalet vart berekna til 2,9 millionar i 2009. Nanping grensar mot provinsane Zhejiang i nord og Jiangxi i vest. Delar av fjellkjeda Wuyi Shan ligg i Nanping.

Byprefekturet Nanping omfattar eitt distrikt (区 ), fire byfylke (市 shì) og fem fylke (县 xiàn).

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Kinas riksveg 205 passerer gjennom området. Han tek til i Shanhaiguan i Hebei og endar opp sør i Shenzhen i provinsen Guangdong. Undervegs er han innom mellom andre Tangshan, Tianjin, Zibo, Huai'an i Jiangsu, Nanjing, Wuhu, Sanming, Heyuan og Huizhou i Guangdong.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]