Nansenskolen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Logoen til Nansenskolen

Nansenskolen (eller Norsk humanistisk akademi) er eit frittståande akademi og ein folkehøgskuleLillehammer i Noreg. Skulen er ei sjølveigande stifting.

Nansenskolen, som er av dei frilynte folkehøgskulane, det vil seia at kristen religion ikkje dannar basis for undervisninga, er studiestad for vaksne med ulik politisk, religiøs og kulturell bakgrunn. Verksemda byggjer på dei humanistiske tradisjonane, og målet er å spreie kunnskapen om dei. Skulen har vore ein pioner i arbeidet med å få i gang religionsdialog i det moderne, fleirkulturelle Noreg.

Skulen vart skipa i 1938 av Kristian Schjelderup, Anders Platou Wyller og Henriette Bie Lorentzen med det føremålet å få fram ei verd der konfliktar vert løyste ved dialog, ikkje vald. Både Schjelderup og Wyller var kristne humanister, men la vekt på at humanismen er samlande på tvers av religiøse skilje. Namnet på skulen skal minne om den humanitære handlekrafta som Fridtjof Nansen stod for.

Skulen har sett i gang prosjektet Nansen Dialog, som driv 11 dialogsenter med til saman 60 tilsette i det tidlegare Jugoslavia for at etniske grupper som har vore i væpna konflikt kan møtast for samtaler og samarbeid. Mange av desse dialogane går òg føre seg på skulen i Lillehammer, og dessutan har dialogarbeidet spreidd seg til fleire område i verda råka av krig og konflikt.

Skulen har tre studieretningar: Idé, kultur og samfunn, skrivekunst og biletkunst. Til årskurset vert det årleg teke opp 70 elevar. I tillegg vert det kvart år arrangert ei rad stutte kurs og prosjekt.

Nansenskolen tok initiativ til Sigrid Undset-dagane, som med tida vart til Norsk Litteraturfestival, den største litteraturfestivalen i Norden.

Nansenskolen fekk i 1987 Institusjonen Fritt Ords Ærespris for mangeårig arbeid for humanisme, toleranse og det frie ordet. I 1988 fekk skulen diplom med ærefull omtale frå UNESCO for «outstanding contribution to the promotion of peace and tolerance».

360-graders panoramabilete som viser allé, internat, hovudbygning fra 1918 (opphavleg brukt som privat villa) og eit tilbygg som vart oppført på 1970-talet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]