Napoleon Murphy Brock

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Napoleon Murphy Brock
Napoleon Murphy Brock 2006.jpg
Zappa Plays Zappa i 2006.
Verkeleg namn Napoleon Murphy Brock
Fødd 7. juni 1945 (69 år)
Instrument Vokal, saksofon, fløyte, klarinett, gitar, synthesizerbass, Fender Rhodes
Sjanger Eksperimentell musikk, rock, R&B, jazz, pop
Yrke Musikar, låtskrivar, plateprodusent
Tilknytte artistar Frank Zappa, Zappa Plays Zappa, George Duke, Captain Beefheart, The Grandmothers of Invention[1]
Nettstad [http://Official Napoleon Murphy Brock website Official Napoleon Murphy Brock website]

Napoleon Murphy Brock (fødd 7. juni 1945) er ein amerikansk songar, saksofonist og fløytespelar som er mest kjend for arbeidet sitt med Frank Zappa i 1970-åra, inkludert albuma One Size Fits All, Roxy and Elsewhere og Bongo Fury. Mellom anna kan ein høyre stemma hans på songane «Village of the Sun» og «Florentine Pogen».

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Napoleon Murphy Brock starta musikkarrieren sin i San Francisco South Bay Area seint i 1960-åra med eit band han organiserte kalla Communication Plus. Han var frontmannen og låtskrivaren og arrangerte songar som vart sterkt inspirert av R&B. Han spelte òg saksofon og fløyte. Han spelte i forskjellige lokale klubbar som The Brass Rail, The Mecca og Gary R. Schmidt's, The Odyssey Room. Han vart oppdaga då han spelte for eit danseband på Hawaii tidleg i 1970-åra av turnémanageren til Zappa. Med press frå George Duke og Jean-Luc Ponty vart Brock overtydd til å bli med i bandet som vokalist.[2]

Av dei mange framførignane til Napoleon med Zappa finn ein rolla som «Evil Prince» på albumet Thing-Fish. Han har òg spelt med George Duke, Captain Beefheart og i nyare tid med Neonfire og Robert Kramer. Han spelar ofte på Zappanale.

Brock er med i filmen Rock School frå 2005, ein dokumentar om The Paul Green School of Rock Music.

I 2006 turnerte han med sonen til Frank Zappa, Dweezil i bandet Zappa Plays Zappa.[3] Han har òg spelt mykje med andre Zappa-musikarar som Ike Willis og Andre CholmondeleyProject/Object.

I nyare tid har han fronta Grande Mothers Re-Invented i lag med Roy Estrada og Don Preston (frå Mothers of Invention).

I 2003 gav han ut albumet Balls.

Filmar[endre | endre wikiteksten]

Brock har delte i fleire dokumentar og filmar av Zappa, som

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Soloalbum[endre | endre wikiteksten]

År Album Instrument
2002 Balls Flute, piano, klaverinstrument, altsaksofon, tenorsaksofon, vokal, plystring, produsent, harmonivokal, Fender Rhodes, synthesizerbass, skrik

Med Frank Zappa[endre | endre wikiteksten]

År Album Instrument
1974 Apostrophe (') Saksofon, vokal
1974 Roxy & Elsewhere Tenor saksofon, fløyte, solovokal, medlåtskrivar på «Dummy Up»
1975 One Size Fits All Fløyte og tenorsaksofon, solovokal på «Florentine Pogen» og «Andy», korvokal på andre songar, fløyte på «Inca Roads»
1975 Bongo Fury Saksofon, vokal
1976 Zoot Allures Saksofon, vokal
1979 Sleep Dirt Saksofon
1979 Sheik Yerbouti Saksofon, vokal, korvokal
1984 Them or Us gitar, saksofon, vokal, harmonivokal
1984 Thing-Fish Saksofon, vokal, rolle
1988 You Can't Do That on Stage Anymore, Vol. 1 Saksofon, vokal
1988 You Can't Do That on Stage Anymore, Vol. 2 Saksofon, vokal
1989 You Can't Do That on Stage Anymore, Vol. 3 Saksofon, vokal
1991 You Can't Do That on Stage Anymore, Vol. 4 Saksofon, vokal
1991 You Can't Do That on Stage Anymore, Vol. 6 Saksofon, vokal
1996 Frank Zappa Plays the Music of Frank Zappa: A Memorial Tribute
1997 Have I Offended Someone?

Med George Duke[endre | endre wikiteksten]

År Album Instrument
1976 Liberated Fantasies Vokal
1978 Don't Let Go Vokal
1979 Follow the Rainbow Vokal
1979 Master of the Game Vokal

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Planetzappa interview
  2. «Project/Object Lessons Zappa Veterans Keep Rock Iconoclast's Music Alive.», Albany Times Union (Albany, NY), oktober 24, 2002, http://www.highbeam.com/doc/1G1-157532096.html, «Zappa wanted Brock to be solovokalist. Brock wasn't interested -- until he found out jazz musikars George Duke and Jean-Luc Ponty were also in the band» 
  3. «Napoleon Murphy Brock recalls Zappa on 27-mai-2007». Archive.org. http://archive.org/details/Zappa-relatedInterviewsOnOutsightRadioHours. Henta 24. mai 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Napoleon Murphy Brock