Napp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Napp er eit fiskevær i Flakstad kommune i Nordland, som ligg nordaust på Flakstadøya i Lofoten. Om lag 10 kilometer aust for staden ligg Leknes.

Staden har barnehage, sjukeheim, skole og fleire fiskeindustribedrifter. Nokre kilometer sør for Napp ligg Storbåthellaren, ein busetnadsplass frå yngre steinalder. Det er ein vegtunnel under Nappstraumen til Vestvågøy gjennom E 10.

Siste soloppgang på staden før mørketida er 7. desember og første soloppgang etter mørketida er 5. januar.

Namnet Napp kjem av norrønt Knappr, som tyder «knapp» og er brukt om høgdenamn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Napp» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]