Laksjmi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Narayani)
Laksjmi måla av Ravi Varma.

Laksjmi (sanskrit लक्ष्मी, lakṣmī) er gudinne for lys, grøde, rikdom og lukke innan hinduismen, djainismen og til dels buddhismen. Ho er kona til Visjnu, og har opptredd i fleire inkarnasjonar saman med han, til dømes som Sita, Rukmini og Alamelu. Gudinna er òg kjend under namn som Sjri og Narajani, Sjridevi eller berre Devi, og ei rekke andre nemningar som viser til eigenskapane hennar kan brukast om henne.

Gudinna står både for verdsleg og åndeleg rikdom, og kan òg signa med eigenskapar som venleik og visdom. Ho er rekna som gåvmild og vernande, og namna «Laksjmi» eller «Sjri» blir ofte brukt som prefiks eller titlar for personar, verksemder eller noko anna som ein ønskjer ho skal signa.

Laksjmi-skulptur

Tilbeding[endre | endre wikiteksten]

Gudinna blir særleg tilbeden under dipavali, då ein tenner levande lys og i nokre samfunn spelar pengespel til ære for henne, og varamahalaksjmi vrata, då gifte kvinner ber om signinga hennar til familien sin. Av dagane i veka er fredagen vigd henne.

Ein finn Laksjmi i dei fleste vaisjnavatempel, men få av dei er vigde berre til henne. Det nye Asjtalaksjmitempelet i Chennai har likevel framstillingar av alle dei åtte formene av gudinna.

Statuar eller relieff av Laksjmi blei ofte plasserte ved inngangsportar for å bringa lukke til det som låg innanfor, anten det var eit slott eller ein landsby.

Mytologi[endre | endre wikiteksten]

I følgje hinduisk mytologi kom Laksjmi til syne då devaene og asuraene rørte i mjølkehavet ved byrjinga av verda. Ho var strålande vakker og heldt sigerskransen vidjayanthi medan to kvite elefantar bada henne i mjølk og lotusblomar krinsa rundt føtene hennar. Med tilsynekomsten hennar kom òg livet og gleda til verda. Ho valde Visjnu som ektemake.

Tidlegare forteljingar seier at ho var dotter av vismannen Brighu og kona Khajati.

Gudinna har ei eldre syster, Ahalaksjmi, som står for alt det motsette av signingane hennar.

Framstillingar[endre | endre wikiteksten]

Gudinna blir typisk framstilt som ung og vakker, men likevel moderleg, sitjande eller ståande gjerne på ein lotus, sjølv om ho òg kan ri på ei ugle. Ei eller to hender er strekte fram med handflata ut for å signa dei som tilber henne. Dersom framstillinga har fleire par armar, held to av dei ofte ein lotus kvar.

Laksjmi kan ha ein lukkebringande raud sari på seg, dekorert med gull, som sjølvsagt står for rikdom. Andre tydelege symbol på dette er ei gylden hud, at ho har mange smykke og annan pynt på seg, at elefantar spruter vatn over henne, eller at pengar strøymer frå ei av hendene hennar.

Laksjmi har åtte hovudformer som står for ulike former for rikdom:

Asjta laksjmi Står for Forklaring
Ádi Laksjmi Den første (hovudforma av Laksjmi)
Dhanja Lakshmi Korn (haust)
Dhairja Lakshmi Mot (styrke)
Gadja Lakshmi Elefant (overflod — elefantane er symbol på lukke og grøde)
Santána Lakshmi Ungar
Vidjaya Lakshmi Siger (til dømes over dårlege impulsar)
Dhana Lakshmi Rikdom (av pengar og anna)
Vidjá Lakshmi Lærdom

Anna[endre | endre wikiteksten]

Blant hinduar er Laksjmi og avleidde namn svært vanlege.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]