Narodnik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Narodnikane var russiske intellektuelle som i andre halvdelen av 1800-talet prøvde å gå ut til bøndene og få dei til å gjere opprør mot tsarismen og godseigarveldet.

Ordet kjem av det russiske ordet narod, som betyr folket.

Narodnikane meinte dei russiske landsbyfellesskapa, mir, kunne vere grunnlaget for ei sosialistisk samfunnsordning, slik at ein ikkje trong gå omvegen via kapitalismen.

Tilhøva for dei russiske bøndene var i røynda blitt forverra etter opphevinga av liveigenskapen i 1861, da dei måtte kjøpe seg fri frå godseigarane og såleis kom i skuld til dei.

Det aukande talet på studentar frå mellomlaga i det russiske samfunnet blei radikaliserte, og det blei danna ein hemmeleg organisasjon kalla «Jord og Fridom» som skulle prøve å samordne dei lokale bondeoppreistane og gi dei politisk retning og leiing.

Somme av desse studentane konsentrerte seg likevel mykje om si eiga frigjering frå alle gamle og ikkje-vitskaplege verdiar, og blei kalla nihilistar fordi dei tok eit oppgjer heilt til grunnen (ad nihilum).

Det var mange kvinner med i narodnikrørsla, mange av dei frå adelen sjølv. Blant mennene var mellomlagsfolk i fleirtal.

Narodnikane var mellom anna inspirerte av Mikhail Bakunin, som meinte dei russiske bøndene var spontant sosialistisk innstilte, på grunn av det gamle mir-fellesskapet. Tenkjaren Alexander Herzen utvikla denne ideen og blei viktig for narodismen, eller den russiske bondepopulismen, om ein vil.

Men da ideane skulle setjast om i praksis, og studentane møtte verkelege bønder, blei møtet ofte eit vonbrot. Bøndene var særs mistruiske mot dei og protesterte sjeldan når dei blei arresterte av politiet.

Narodnikane gav likevel ikkje opp, trass i manglande støtte frå bøndene og harde dommar mot dei i rettsvesenet til tsaren.

Nokre av dei tok også til terrorisme som middel i kampen, det vil seie attentat mot leiande medlemer av den herskande klasse, som politisjefen i St. Petersburg, som blei skoten av den unge kvinna Vera Sasulitsj.

Men det var usemje blant narodnikane om terrorismen. I 1879 blei «Jord og fridom» kløyvd. Dei som ville prioritere arbeidet blant bøndene danna organisasjonen «Svart utskifting», som arbeidde for deling av jorda blant «det svarte folket», som bøndene i Russland kalla seg sjølv. Dei som ville satse på terrorismen danna gruppa «Folkeviljen», og erklærte dødsdom mot tsaren, Alexander 2.

«Svart utskifting» blei ikkje nokon suksess, og gjekk snart i oppløysing. «Folkeviljen» heldt fram, men som ei slags bygeriljagruppe, utan noko samband med bondemassane. Dei klarte å drepe tsaren i 1881, men etter arrestasjonane som følgde ebba også denne gruppa ut.

I resten av hundreåret blei ideane til narodismen haldne levande av forfattarar, historikarar og journalistar, innanfor legale rammer. Hovudideen var som før at kapitalistisk industrialisering ikkje passa i Russland, og var unødvendig som føresetnad for sosialisme.

I 1901 blei Dei sosialist-revolusjonære sitt parti PSR, også kalla dei sosial-revolusjonære, danna. Dette partiet stod klart i narodnik-tradisjonen, og blei eit verkeleg masseparti med stor støtte frå dei russiske bøndene. I 1917 var PSR det største partiet i Russland, men det var laust organisert med stor avstand mellom ulike fløyar. Venstre-SR var vinteren 1918 i regjering med bolsjevikane, men braut med dei våren 1918 i protest mot Brest-Litovsk-freden med Tyskland.