Narvareservoaret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Narvareservoaret
Koordinatar 59°18′N 28°10′EKoordinatar: 59°18′N 28°10′E
Type innsjø reservoar
Tilsig Narva, Pljussa
Utsig Narva
Tilsigsområde 55 848  km²
Tilknytte land Flag of Russia.svg Russland
Flag of Estonia.svg Estland
Flag of Latvia.svg Latvia
Flag of Belarus.svg Kviterussland
Overflateareal 191 km²
Middeldjupne 1,8 m[1]

Narvareservoaret (estisk Narva veehoidla, russisk На́рвское водохрани́лище, Narvskoje vodokhranilisjtsje) er eit reservoar i Narva, delt mellom Russland og Estland.

Reservoaret vart bygd i 1955–1956 i sovjettida. Det gjev vatn til Narva vasskraftverk (kapasitet 125 MW, eigd av Russland) og avkjølingsvatn til det estiske Narva kraftverk. Ved normalt vassnivå på 25 meter har reservoaret eit areal på 191 km², der 40 km² høyrer til Estland. Nedslagfeltet er 55 848 km².[2]

Utvekslinga av vatn i reservoaret er stor, om lag 30 gonger i året, men enkelte område har neste stilleståande vatn. Den økologiske statusen vert rekna som «god» (2007).[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Assessment of the chemical og ecological state of the Narva reservoir». http://www.envir.ee/viru.peipsi/file/NarvaReservoir_assessment.pdf. Henta 6. april 2009. 
  2. 2,0 2,1 Our Waters: Joining Hands Across Borders : First Assessment of Transboundary Rivers, Lakes og Groundwaters, av United Nations Economic Commission for Europe, Rainer eiderlein, Utgjeve av United Nations Publications, 2007, ISBN 92-1-116972-0, p. 237