Narvik videregående skole

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Narvik videregående skole
Skula si avdeling på Frydenlund.
Foto: TorbjørnS (2014)
SkuletypeVideregåande skule
Grunnlagd2008
Region/fylkeNordland
KommuneNarvik kommune
StadNarvik
AdresseVillaveien 59
(avdeling Frydenlund)
Dronningens gate 68
(avdeling Oscarsborg)
Øvreveien 24/26
(avdeling Solhaugen)
EigarNordland fylkeskommune
RektorThore Asheim
Elevar900
Tilsette230
Nettstadnarvik.vgs.no
Avdeling Solhaugen.
Foto: TorbjørnS (2014)

Narvik videregående skole er ein offentleg videregåande skule i Narvik i Narvik kommune i Nordland. Skulen vart etablert i 2008 etter ei samanslåing av dei tre videregåande skulane Frydenlund, Oscarsborg og Solhaugen.[1] Skulen har omtrent 900 elevar og 230 tilsette.[1]

Utdanningstilbod[endre | endre wikiteksten]

Narvik videregående skole gjev utdanning innan følgjande område:[2]

Frydenlund Oscarsborg Solhaugen
Studiespesialisering Bygg- og anleggsteknikk Musikk, dans og drama
Idrettsfag Elektrofag Studiespesialisering med formgjevning
Service og samferdsle Restaurant- og matfag Design og handverk
Påbygging til generell studiekompetanse Service og samferdsle Helse- og oppvekstfag
Teknikk og industriell produksjon Media og kommunikasjon

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Nordland fylkeskommune 2013, Narvik videregående skole Arkivert 2014-07-14 ved Wayback Machine.. Vitja 5. juli 2014.
  2. Narvik videregående skole, Utdanningsprogram ved Narvik videregående skole Arkivert 2014-07-14 ved Wayback Machine.. Besøkt 4. juli 2014.