Nasjonal Digital Læringsarena
Nasjonal digital læringsarena (NDLA) er eit fylkeskommunalt tiltak for å utvikla læremiddel på nett. Prosjektet vart starta opp i 2007, og alle fylkeskommunane utanom Oslo står som eigarar. Målet er å kjøpa inn eller sjølv utvikla digitale læremiddel for alle fag i den vidaregåande skulen. Til no (februar 2010) føreligg det læremiddel for sju fag.
NDLA sine læremiddel skal vera fritt tilgjengelege og erstatta dei tradisjonelle lærebøkene på papir. Eigne fagredaksjonar har ansvaret for å utvikla og kvalitetssikra læremidla i dei ulike faga.
Prosjektet vart frå 1. juli 2009 organisert som eit interfylkeskommunalt samarbeid (IS) etter paragraf 27 i Kommunelova. Hordaland Fylkeskommune har hovudkontoret og har teke på seg det juridiske ansvaret på vegne av dei andre fylkeskommunane. NDLA har ikkje fast tilsette, men leiger inn om lag 50 medarbeidarar frå fylkeskommunane. Om lag 60 prosent av stoffet er kjøpt inn frå andre leverandørar.
I 2009 brukte NDLA rundt 30 millionar kroner. Det tilsvara om lag 10 prosent av dei midlane fylkeskommunane fekk av staten til læremiddel. I 2010 er det lagt opp til å auka tilskotet til NDLA til rundt 20 prosent av læremiddelpotten.
Innhaldsliste |
Bakgrunnen [endre]
Ifølgje vedtektene til NDLA er formålet med samarbeidet «å legge forholdene til rette for:
- Fritt tilgjengelige digitale læremidler, gratis for brukerne
- En videregående opplæring som preges av samhandling og deling
- Elever og lærere i aktivt og deltakende læringsarbeid
- Fagmiljøer og nettverk fra hele landet som drivkraft i utvikling av gode digitale læremidler
- Et marked som leverer innhold og tjenester etter elevers og læreres behov»
Fylkesrådmann Paul M. Nilsen i Hordaland fylkeskommune peikar i ei utgreiing på at NDLA er eit svar på den utfordringa Kunnskapsdepartementet kom med i 2006. Departementet oppmoda då fylkeskommunane til å satsa på å utvikla digitale læremiddel og lova ut ein sum på 50 millionar kroner til dette føremålet.
Vg 2-elevane i den vidaregåande skulen fekk frå hausten 2007 lovfesta rett til gratis læremiddel. Frå 2009 gjeld denne retten alle tre årstrinn. I Opplæringslova er ansvaret for å kjøpa inn læremiddel lagt på fylkeskommunane.
Fylkesrådmannen peikar på at fylkeskommunane skal skaffa læremiddel av høg kvalitet, og dei skal også distribuerast på ein framtidsretta og tilgjengeleg måte. Den tradisjonelle ordninga for lærebøker vil bli svært dyr. I tillegg har det ikkje blitt produsert bøker for fag med få elevar. Å skaffa læremiddel for desse faga er også fylkeskommunen sitt ansvar.
«Kostnader ved innkjøp av bøker er høy. Det er også kostbart å utvikle digitale læremidler, men bruken over tid vil gi store innsparinger for fylkeskommunene/skolene sammenlignet med kostnadene for bøker som trenger utskiftning i snitt hvert tredje eller fjerde år. Opprettelse av fagredaksjoner i NDLA åpner for en stipulert besparelse på i overkant av 60 millioner kroner pr år for fellesfagene når de digitale læremidlene er i en ordinær driftsfase (år tre-fire av satsingen)», skriv fylkesrådmann Paul M. Nilsen i si utgreiing.[1]
Kritikken av NDLA [endre]
Kritikarane [endre]
Trass i fylkeskommunane sine gode intensjonar, har NDLA blitt eit svært omstridd prosjekt. Forleggerforeningen sine medlemsbedrifter opplever prosjektet som konkurransevridande og nektar å levera læremiddel til NDLA. Mange lærebokforlag har sjølve satsa mykje på å utvikla læremiddel på nett. Skulane brukar desse som supplement til lærebøkene. Forlaga har henta inn ei utgreiing frå professor dr. juris Olav Kolstad, som konkluderer med at «finansieringen av NDLA innebærer statsstøtte i strid med EØS-avtalens artikkel 61.»[2]
Lærarorganisasjonane har protestert fordi dei meiner prosjektet kan føra til fagleg einsretting og at lærarane taper retten til å velja mellom ulike læremiddel på fritt grunnlag. Mange har også peikt på at det faglege innhaldet i dei nye læremidla er for svakt, og at sidene er lite oversiktlege og funksjonelle. Leseforskarar meiner at det er uheldig at alt skulearbeid skal gjerast digitalt. Dei hevdar at det er tyngre å lesa lange, kompliserte tekstar på PC enn på papir.
Frå nynorskhald har det kome kritikk mot kvaliteten på nynorsken i mange av læreverka. Nynorsk Forum, som representerer 24 riksdekkande nynorskinstitusjonar, har sendt eit protestbrev til styret i NDLA. Dei peikar på at nynorskelevane er usikre språkleg, og at læremiddel som ikkje held mål vil styrkja dette.
NDLA sitt svar til kritikarane [endre]
NDLA seier på si side at det er skivebom frå Forleggerforeningen når dei hevdar at NDLA øydelegg den noverande marknaden for læremiddel. Det er ny teknologi og nye kommunikasjonsløysingar som er årsak til at marknaden er i endring. Dei meiner utviklinga er global, og syner til det som skjer innanfor musikkbransjen og avisbransjen.
«Fylkeskommunene har forstått og tatt disse utviklingstrendene på alvor. Gjennom NDLA forberedes skolene for framtida ved at det investeres i kompetanse og teknologisk infrastruktur for å få en god og kvalitetssikret kanal av lærestoff til lærere og elever. I tillegg åpner en skolene opp for et stort mangfold av kunnskapstilbud som ligger tilgjengelig i den nye flate verdenen av informasjon. Her er det og rom for den kompetanse og tradisjon som forlagene representerer», skriv NDLA på nettsidene sine.[3]
Kjeldetilvisingar [endre]
- ↑ Nasjonal digital læringsarena - NDLA - oppretting av eit interkommunalt samarbeid. Utgreiing av fylkesrådmann Paul M. Nilsen i Hordaland fylkeskommune, datert 4. mai 2009.
- ↑ BT: «Skolens nye slagmark»
- ↑ FAKTA OM NDLA av Liv Heidrun Skaar Heskestad.
Bakgrunnsstoff [endre]
- NDLA si hovudside
- Presentasjon av NDLA
- NDLAs prosjektweb
- Skolens nye slagmark Kommentar av kulturredaktør Jan H. Landro i Bergens Tidende 19. februar 2010. Vitja 20. februar 2010.
- Reportasje om NDLA i Dagsrevyen 8. juni 2009. Vitja 20. februar 2010.
- Skolebøkene dør ut Reportasje i Bergens Tidende 15. mai 2009. Vitja 20. februar 2010.
- Avviser PC-kritikk Intervju med opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld i Hordaland Fylkeskommune. Bergens Tidende 16. april 2008. Vitja 20. februar 2010.
- Åtte timer foran en skjerm hver dag Artikkel i Bergens Tidende 29. oktober 2007. Vitja 20. februar 2010.
- Vil sperre skole-PCer for spill Artikkel i Bergens Tidende 27. september 2007. Vitja 20. februar 2010.
- Seeing No Progress, Some Schools Drop Laptops. Reportasje i The New York Times 4. mai 2007. Vitja 20. februar 2010.
- Hvorfor leser vi dårligere på skjerm? Intervju med førsteamanuensis Anne Mangen ved Lesesenteret i Stavanger. Vitja 21. februar 2010.
- Skjermlesing stresser hjernen Intervju med Anne Mangen i Stavanger Aftenblad. Vitja 21. februar 2010.
- Læring på skjerm vs. papir Bloggkommentar av lektor Marita Aksnes, medlem av NDLA sin fagredaksjon for kommunikasjon og kultur. Vitja 21. februar 2010.
- Fra papir til skjerm Statistikk frå SSB. Vitja 21. februar 2010.
- De digitale innfødte - en moderne vandrehistorie? Artikkel hos Norsk forbund for fjernundervisning og fleksibel utdanning. Vitja 21. februar 2010.
- Digitale læremidler og NDLA Presentasjon av uttale og debattinnlegg frå Utdanningsforbundet. Vitja 21. februar 2010.
- EØS-RETTSLIG VURDERING AV NDLA - Betenkning utarbeidet på oppdrag fra Forleggerforeningen Av professor dr. juris Olav Kolstad. Vitja 21. februar 2010.
- Mener lærebøker på nett er ubrukelige Intervju med Ottar Grepstad, sekretær i Nynorsk Forum, i Aftenposten 18.02.10. Vitja 21. februar 2010.