Nasjonal Samling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Nasjonal Samling (NS) var eit politisk parti stifta 13. mai 1933 av leiaren Vidkun Quisling. Ved stortingsvala i 1933 og 1936 fekk NS om lag 2 % av stemmene.

Ideologien vart etter 1934 orientert mot nazisme og fascisme. Den militære organisasjonen vart kalla hirden. Quisling etablerte ei kuppregjering då tyskarane invaderte 9. april 1940, men ho varte berre i tre dagar før Administrasjonsrådet tok over 15. april. Seinare under den tyske okkupasjonen vart Quisling frå 1. februar 1942 ministerpresident i ei nesten rein NS-regjering som styrte på tyskarane sin nåde. Likevel hadde partiet 44 000 medlemmer i 1943.

Partiet slutta å eksistere ved freden 8. mai 1945. Etterpå blei mange tidlegare medlemmer straffa i det norske landssvikoppgjeret, mellom anna fordi medlemskap i partiet var blitt gjort straffbart av den norske eksilregjeringa. Partileiaren Quisling og andre framståande partimedlemmer blei avretta. Andre medlemmer måtte sona fengselsstraffer. Ofte opplevde også dei og familiane deira å bli frosne ut eller uformelt straffa på andre vis av nærmiljøet.

Tidlegare politiske parti i Noreg:
Arbeiderdemokratene | Barn-Eldre | Centrum | Demokratiske Sosialistar | Fedrelandspartiet | Fellesliste mot framandinnvandring | Folkeaksjonen mot Bompengar | Framstegspartiet (1957) | Frie Venstre-veljarar | Frihetsvernet | Frisindede Venstre Fylkeslistene for Miljø og Solidaritet | Kristent Konservativt Parti | Kvit Valallianse | Det Liberale Folkepartiet (1972-1988) | Liberale Folkeparti (1957) | Moderate Venstre | Nasjonalalliansen | Nasjonal Samling | Noregs Demokratiske Parti | Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti | Norsk Folkeparti | Norsk Sosialdemokratisk Parti | Politisk Alternativ Hordaland | Det Politiske Parti | Reformpartiet | Rettferdspartiet | Samefolkets Liste | Samfundspartiet | Samlingspartiet | Samlingspartiet Ny Fremtid | Sjukehuslista for bevaring av Vestfold lokalsjukehus | Stopp Innvandringen | Sosialdemokratane | Sosialistisk Folkeparti | Sosialistisk Valforbund | Folkeavstemningspartiet/Tverrpolitisk Liste | Tverrpolitisk Kyst- og Distriktsparti
Sjå òg: Politiske parti i Noreg
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.