Nasjonal Samling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Nasjonal samling)
Nasjonal Samling

LandNoreg
Partileiar(ar)Vidkun Quisling
GeneralsekretærRolf Jørgen Fuglesang
Grunnlagt13. mai 1933
Nedlagt8. mai 1945
HovudkvarterOslo
Medlemstal8 000 (1936)[1]
Ideologinasjonalisme, nazisme, fascisme, antikommunisme, korporativisme Sjå dette på Wikidata
Politisk posisjonhøgreekstremisme
SlagordHeil og sæl
NS-merket med ørn og solkross.

Nasjonal Samling (NS) var eit norsk politisk parti stifta 13. mai 1933 av leiaren Vidkun Quisling. Ved stortingsvala i 1933 og 1936 fekk NS om lag 2 % av stemmene.

Ideologien vart etter 1934 orientert mot nazisme og fascisme. Den militære organisasjonen vart kalla hirden. Quisling etablerte ei kuppregjering då tyskarane invaderte 9. april 1940, men ho varte berre i tre dagar før Administrasjonsrådet tok over 15. april. Seinare under den tyske okkupasjonen vart Quisling frå 1. februar 1942 ministerpresident i ei nesten rein NS-regjering som styrte på tyskarane sin nåde. Likevel hadde partiet 44 000 medlemmer i 1943.[treng kjelde]

Partiet slutta å eksistere ved freden 8. mai 1945. Etterpå blei mange tidlegare medlemmer straffa i det norske landssvikoppgjeret, mellom anna fordi medlemskap i partiet var blitt gjort straffbart av den norske eksilregjeringa. Partileiaren Quisling og andre framståande partimedlemmer blei avretta. Andre medlemmer måtte sona fengselsstraffer. Ofte opplevde også dei og familiane deira å bli frosne ut eller uformelt straffa på andre vis av nærmiljøet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Nasjonal Samling
Spire Denne historieartikkelen som har med politikk og Noreg å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.