Norsk nasjonalblom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Nasjonalblom)
Bergfrue
Røsslyng

Norsk nasjonalblom er kåra ved to ulike høve. Første gong valde ein ut bergfrue og andre gongen røsslyng.

Bergfrue[endre | endre wikiteksten]

Bergfrue (Saxifraga cotyledon) blei utnemnd av fagbotanikarar på ein internasjonal botanisk kongress i Asterdam i 1935, der representantar frå kvart land skulle kome med eit forslag frå sitt land. Bergfrue har hovudtyngda av si globale utbreiing i Noreg. Arten finst elles så vidt det er på Island, er svært sjeldan i Sverige, og finst berre i nokon få delar av Alpane og Pyreneane. Bergfrue er også fylkesblom for Møre og Romsdal.

Røsslyng[endre | endre wikiteksten]

Røsslyng (Calluna vulgaris) blei kåra til nasjonalblom under ei avstemming hjå lyttarane i radioprogrammet Nitimen i 1976. Sjølv om røsslyng også er typisk for andre land (han er vel så vanleg i Skottland som i Noreg), er planten eit velkjent og svært synleg innslag i fjell- og kystområde i heile landet. Arten representerer såleis sider ved norsk landskap som mange opplever som «typisk norske», der han visuelt sett er knytt til det norske friluftsliv-fenomenet å «gå på tur».

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur

  • Gjærevoll, Inger (1999). Norges fylkesblomster. Trondheim: Tapir forlag. ISBN 82-519-1507-4. 
  • Sunding, Per (2001). «Norges nasjonalblomst, – røsslyng eller bergfrue?». Blyttia 59 (1): 30-31.