Nasjonaldrakt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mann i nasjonaldrakt frå Ghana.
Ugandarar i kanzu under eit bryllaup.
Quadrillekjole under ei kongeleg mottaking på Jamaica.
Tradisjonelle omanske klede.
Mongolske deeldrakter.
Kvinner i kebaya, eit plagg som er utbreidd i Søraust-Asia.
Ein polsk kasjubarfamilie i nasjonaldrakter.
Newzealandske maoriar i ulike klede.

Nasjonaldrakt er ei form for klede brukte som nasjonalsymbol, som regel med grunnlag i kledetradisjonane til ein nasjon. Nasjonaldrakter kan vera reine folkedrakter, altså tradisjonell klesdrakt som er blitt «opphøgd» til å representera nasjonen sin, eller klede av nyare utforming. Nasjonaldrakter blir ofte brukte ved særskilde høgtidssame eller festlege høve, medan eigentlege folkedrakter er klede som følgjer ein levande tradisjon og blir brukte både til kvardags og til fint.

Utforming[endre | endre wikiteksten]

Visse nasjonaldrakter er verdskjende symbol på landet dei kjem frå, til dømes skotsk kilt, japansk kimono og indisk sari. I mange andre høve har ein likevel ein viss type drakt i eit større geografisk område som har variasjonar mellom land, gjerne også innanfor landet, til dømes når det gjeld snitt, fargeval, utsmykking og liknande. Nasjonaldrakter kan stamma frå kvardags- eller festklede som er blitt forma etter kva som var praktisk eller mogleg å laga, og er blitt forma av tilgangen på tekstilar, fargestoff, metall og anna materiale, kulturelle eller religiøse syn på korleis ein bør kle seg, påverknad utanfrå og lokal smak.

Ofte er nasjonaldrakter variantar laga etter same lest i kulturelt nærskylde område. I Europa finn ein til dømes ei rekkje ulike nasjonaldrakter sette saman av skjorte og bukse for menn og todelt kjole for kvinner, som mange norske bunader, i Vest- og Sør-Asia av lang skjorte (kurta, kamiz) og lause bukser (salwar, padjama), i Sentral- og Aust-Asia av kåpeaktige klede som kaftan og kimono, i Sør- og Søraust-Asia av omslagsklede som sari og sarong, i den muslimske verda i Arabia og Afrika av lange kjortlar som thob og djellaba, elles i Afrika sør for Sahara av sett av trykkmønstra bluse, som dashiki, og bukse eller omslagsskjørt. I sørlegaste Afrika og Oseania finn ein mange skjørt og kapper laga av strå og plantefiber, i Oseania og Amerika er også fjører ofte ein viktig del. Elles i Amerika, Oseania og andre koloniserte stader kan ein ofte sjå «kreolisert» nasjonaldrakt som er sett saman av urinnvånarane og innvandrarane frå Afrika, Asia og Europa sine skikkar.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Nokre nasjonaldrakter er folkedrakter som blir brukte av mange innbyggjarar til dagleg, til dømes sari og salvar kamiz i landa i Sør-Asia. Andre stader blir dei brukte ved særskilde høve, som nasjonaldagar eller bryllaup, av store delar av folkesetnaden, slik ein til dømes ser bunad bli brukt i Noreg. I andre land igjen kan det vera vanlegare at nasjonaldrakt berre blir brukt av nokre få ved særskilde opptredenar, som morrisdanskostyme i England. Folk med røter i eit anna land enn det dei bur i kan òg bruka nasjonaldrakt for å halda fast på noko av identiteten sin

På nasjonalt nivå kan nasjonaldraktar brukast til å byggja nasjonalkjensle, som den nazistiske oppfordringa til tyske kvinner om å bruka tradisjonell Tracht og dirndl-inspirerte kjolar i staden for moteklede,[1] eller vera ein protest mot framande makter, som den indiske fridomsrørsla sin bruk av heimelaga khadi framfor utanlandske klede under kolonitida. Gjennom tidene er nasjonaldraktar blitt erklært uønska og forbodne, som fez i Tyrkia under Atatürk, eller påbodne i forsøk på å halda unna framand kultur, til dømes i Bhutan, der gho er påkravd klesdrakt for menn og kira for kvinner.

Oversyn over folke- og nasjonaldraktar[endre | endre wikiteksten]

(Lista er ikkje fullstendig)

Verdsdel Område Land eller regionar Namn på klede
Afrika Afrikas horn Etiopia Gabbi, habesha qemis, netella
Afrika Afrikas horn Somalia Djilbab, koofiyad, macawiis (sarong)
Afrika Aust-Afrika Kenya Dashikiskjorte, kanzu, kofia, kangaskjørt, kitengeskjørt
Afrika Aust-Afrika Uganda Dashiki, kanzu, kofia, gomesi
Afrika Aust-Afrika Tanzania Dashiki, kanzu, kofia, kanga, gowni
Afrika Nord-Afrika Egypt Galabeya
Afrika Nord-Afrika Marokko Djellaba, fez, takchita
Afrika Nord-Afrika Sudan Jalabiyyah, toob, taqiyyah, turban
Afrika Sørlege Afrika Sør-Afrika Slouch Hat, bermudashorts, kaki, Madiba-skjorte, dashiki, zulukrone (isicholo)
Afrika Sørlege Afrika Zimbabwe Dashiki, safariskjorte, buba og omslagsskjørt
Afrika Vest-Afrika Benin Aso oke-hatt, buba, dashiki, gele, iro
Afrika Vest-Afrika Ghana Kenteklede, fugu, fila, kaftan, iro
Afrika Vest-Afrika Liberia Dashiki, kaftan, kufi
Afrika Vest-Afrika Mali Boubou/kaftan, kufi
Afrika Vest-Afrika Nigeria Agbada, iro, isiagu, kufi
Afrika Vest-Afrika Senegal Kaftan, kufi, sabador
Amerika Nord-Amerika Canada Anorakk, tuque, ceinture fléchée
Amerika Nord-Amerika USA Cowboyhatt, cowboystøvlar, lisseslips, hawaiiskjorte, ulike urfolkklede
Amerika Nord- og Mellom-Amerika Mexico Charrodress, guayaberaskjorte, huipil, mariachidress, rebozo, sarape, sombrero
Amerika Mellom-Amerika Panama Pollera
Amerika Karibia Cuba Guayabera, kakibukser, panamahatt eller fedora
Amerika Karibia Den dominikanske republikken Chacabana
Amerika Karibia Haiti Karabelakjole, guayabera
Amerika Karibia Jamaica Bush jacket
Amerika Karibia Puerto Rico Guayabera, pantalons, panamahatt, trajeskjole
Amerika Karibia St. Lucia Madrasdrakt
Amerika Karibia Trinidad Booboo, shirt-jac, karnevalklede
Amerika Karibia og Sør-Amerika Guyana Boobooskjørt, guayabera
Amerika Karibia og Sør-Amerika Venezuela Liqui liqui, pelo e' guama-hatt
Amerika Sør-Amerika Chile Huasoklede
Amerika Sør-Amerika Peru Chullo, poncho
Asia Aust-Asia Japan Kimono
Asia Aust-Asia Sør-Korea Hanbok
Asia Aust-Asia Kina Hanfu, maodress, qipao
Asia Sentral-Asia Kasakhstan Tsjapan
Asia Sentral-Asia Mongolia Deeldrakt
Asia Sentral- og Vest-Asia Iran Galesj, giveh, tsjador
Asia Sentral- og Sør-Asia Afghanistan Burka, kurta, salvar kamiz, turban
Asia Sør-Asia Bangladesh Lungi, sari
Asia Sør-Asia India Dhoti, kurta, lungi, salvar kamiz, sari
Asia Sør-Asia Nepal Daura suruwal, gunyou cholo
Asia Sør-Asia Pakistan Salvar kamiz, kurta
Asia Søraust-Asia Brunei Baju melayu, baju kurung, baju kebaya, songket, sarong
Asia Søraust-Asia Filippinane Barong tagalog, baro't saya
Asia Søraust-Asia Kambodsja Sabai, sampot
Asia Søraust-Asia Vietnam Ao dai, ao ba ba og ao tu than
Asia Søraust-Asia Indonesia Javanesarar: Kain batik, beskap, blangkon, sarong, klompen, kebaya.
Malayar: Baju melayu, songkok/peci; baju kurung, kain songket.
Lampungesarar: Kain tapis.
Sumbanarar: Kain tenun ikat. Batakesarar: Kain ulos, koteka
Asia Søraust-Asia Malaysia Baju melayu, baju kurung, baju kebaya, songket, sarong
Asia Søraust-Asia Myanmar Longyi
Asia Søraust-Asia Thailand Chut thai phra ratcha niyom, sampot
Asia Vest-Asia Arabia, Levanten Aba/abaya, disjdasja/thob, keffiyeh (palestinaskjerf)
Asia Vest-Asia og Europa Tyrkia Fez, yasjmak, islak, sjalvar
Europa Aust-Europa Georgia Tsjokha
Europa Aust-Europa Russland Kokosjnik, kosovorotka, sarafan, usjanka, valenki
Europa Dei britiske øyane England Morrisdrakt, pearlies i Aust-London
Europa Dei britiske øyane Irland Aran-genser, granddad shirt, sikspens
Europa Dei britiske øyane Skottland Kilt, tartanklede som aboynekjole, tam o'shanter
Europa Norden Island Þjóðbúningurinn
Europa Norden Noreg Bunad
Europa Norden Sameland Kufte
Europa Sentral-Europa Bayern og Austerrike Dirndl, lederhosen
Europa Sentral-Europa Tyskland, Austerrike Tracht
Europa Sentral-Europa Böhmen, Mähren Kroje
Europa Sør-Europa Hellas Fustanella
Europa Sør-Europa Malta, Gozo Għonnella/faldetta
Oseania Polynesia Amerikansk Samoa, Samoa, Tonga Lava-lava
Oseania Polynesia Tonga Tupenu, ta'ovala
Oseania Polynesia New Zealand Kakahu

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Nasjonaldrakt

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Fascist and nazi dress», May 25th, 2010, angelasancartier.com