Nasjonaldyr
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ulike nasjonar representerte av sine nasjonaldyr: Den russiske bjørnen, den franske hanen, den amerikanske og den tyske ørna, den engelske løva, den austerrikske dobbeltørna, den italienske ulven og kanskje ein japansk mårhund (tanuki) rundt den kinesiske draken. Teikninga blei brukt til å illustrera den internasjonale politiske situasjonen i 1900 der vestlege land kjempa om tilgang til Kina.
Løva i det norske riksvåpenet er opphavleg eit kongesymbol.
Nasjonaldyr kan vera dyr som blir rekna som særleg representative for eit land og/eller dei blir brukte i andre nasjonalsymbol. Mange nasjonaldyr har opphav i kongelege symbol, og er ein grunn til at mange land bruker «kongelege» dyr som ørn og løve som nasjonale symbol. Nokre nasjonaldyr kan ta utgangspunkt i lokal mytologi. Andre byggjer på dyrelivet som finst i landet.
Innhaldsliste |
Oversyn over nasjonaldyr [endre]
- Albania: ørn med to hovud, brukt i det albanske flagget og riksvåpenet.
- Algerie: fennek, brukt i idrettssamanheng. Det algeriske fotballandslaget blir kalla «les Fennecs».[1]
- Antigua og Barbuda: dåhjort, som blei innført hit frå Europa og ikkje lever på nokre andre karibiske øyar. Det marine nasjonaldyret er karettskjelpadde.[2]
- Austerrike: svart ørn, brukt i det austerrikske riksvåpenet
- Australia: emu og kenguru, begge brukt i det australske riksvåpenet
- Bangladesh: bengaltiger
- Aust-Timor: krokodille, kjend i soger som opphavet til øya Timor[3]
- Canada: bever
- Chile: andeskondor, huemul (liten hjort)
- Danmark: løve i riksvåpen
- Egypt: saladin-ørn i flagg og riksvåpen.
- England: løve i riksvåpenet
- Finland: løve i riksvåpenet, svane, brunbjørn, åbor
- Frankrike: hane
- Guatemala: ketsalar
- India: elefant, tiger
- Indonesia: ørn i riksvåpenet
- Japan: fasanar
- Kina: drake, panda
- Laos: elefant
- Malaysia: tiger
- Mexico: kongeørn
- Montenegro: løve i riksvåpenet
- Nederland: løve i riksvåpenet
- New Zealand: kiviar
- Noreg: løve i riksvåpenet
- Pakistan: Geit
- Panama: harpyørn
- Papua Ny-Guinea: paradisfuglar i flagg og riksvåpen.
- Polen: kvit ørn i riksvåpenet
- Portugal: hane
- Québec: snøugle
- Russland: gullørn, bjørn
- Skottland: raud løve i riksvåpenet
- Serbia: kvit ørn i riksvåpen
- Singapore: merlion, løve i riksvåpenet
- Sverige: løve i riksvåpenet
- Sør-Korea: tiger
- Sør-Sudan: flodørn i riksvåpenet, lever i store delar av landet
- Spania: okse
- Thailand: elefant
- Storbritannia: løve i riksvåpenet
- Tsjekkia: løve i riksvåpenet
- Tyskland: svart ørn (Bundesadler) i riksvåpenet, panter
- USA: kvithovudhavørn, brukt i riksvåpenet
- Venezuela: brilletrupial
- Wales: raud drake i flagg og landskapsvåpen
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Nasjonalsymbol» frå Wikipedia på bokmål, den 4. mai 2011.
- Denne artikkelen bygger på «List of national animals» frå Wikipedia på engelsk, den 4. mai 2011.
Fotnotar [endre]
- ↑ lesfennecs.net
- ↑ National Symbols Of Antigua & Barbuda ved antiguanet.net
- ↑ etan.org
|
|
|
|---|---|
| Kokarde · Nasjonaldrakt · Nasjonaldyr · Nasjonalepos · Nasjonalfarger · Nasjonalflagg · Idrett · Mat · Nasjonalplantar · Personar · Religiøse nasjonalsymbol · Riksvåpen · Stader · Ting |