Nasjonalfugl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Nasjonalfugl er ein eller fleire fuglar som gjennom tradisjon eller val blir brukt til å symbolisere ein nasjon. Nokre fuglar er også nasjonaldyr, medan andre er valde i tillegg til eit anna dyr som symboliserer landet eller nasjonen.

Nasjonalfuglar kan vera fuglar som berre finst vilt i landet dei symboliser, som grønfasan i Japan, dei kan vera utbreidde over størstedelen av territoriet til landet, som kvithovudhavørn i USA, eller dei kan symbolisera landet eller naturen der på andre måtar.

Oversyn over nasjonalfuglar[endre | endre wikiteksten]

Land Fugl Bilete Tillegg
Albania kongeørn (Aquila chrysaetos) Den albanske dobbeltørna Ørna har vore symbol for albanske dynasti sidan mellomalderen, og blei etterkvart symbol for albanarar. Ei dobbeltørn er avbilda på det albanske flagget og riksvåpenet.[1]
Anguilla vestindiadue (Zenaida aurita)[2] Vestindiadue
Antigua og Barbuda praktfregattfugl (Fregata magnificens)[3] Praktfregattfugl
Argentina haciendaomnfugl (Furnarius rufus)[4] Haciendaomnfugl
Austerrike låvesvale (Hirundo rustica)[4] Låvesvale
Australia emu (Dromaius novaehollandiae) Emu Emuen har ikkje offisiell status som nasjonalfugl, men er avbilda i det australske riksvåpenet.[5]
Bahamas raudflamingo (Phoenicopterus ruber)[6] Raudflamingo
Belgia tårnfalk (Falco tinnunculus)[4] Tårnfalk
Belize regnbogetukan (Ramphastos sulfuratus)[7] Regnbogetukan
Bermuda småtropikfugl (Phaethon lepturus)[4] Småtropikfugl i Bermuda
Bhutan ramn (Corvus corax)[4] Ramn
Bolivia andeskondor (Vultur gryphus)[4] Andeskondor
Brasil rustbuktrost (Turdus rufiventris)[4] Rustbuktrost
Canada islom (Gavia immer)[4] Islom Islom har ikkje offisiell status som nasjonalfugl, men er avbilda på canadiske pengar (no på eindollarmynten, tidlegare på tjuedollarsetelen).[8]
Colombia andeskondor (Vultur gryphus) Andeskondor Avbilda på det colombianske riksvåpenet.[9]
Costa Rica lêrtrast (Turdus grayi)[4] Lêrtrast
Cuba kvasthaletrogon (Priotelus temnurus)[10] Kvasthaletrogon
Danmark knoppsvane (Cygnus olor)[4] Knoppsvane
Estland låvesvale (Hirundo rustica)[4] Låvesvale
Filippinane filippinsk apeørn (Pithecophaga jefferyi)[4] Apeørn
Finland songsvane (Cygnus cygnus)[4] Songsvane
Frankrike hane (av tamhøns, Gallus gallus domesticus)[4] Fransk hane
Færøyane tjeld (Haematopus ostralegus)[4] Tjeld
Grenada grenadadue (Leptotila wellsi)[4] Grenadadue
Guatemala praktkvetzal (Pharomachrus mocinno)[4] Praktkvetzal
Hellas kyrkjeugle (Athene noctua) Kyrkjeugle Ikkje offisielt. Ugla tilhøyrer Atene og har vore brukt som symbol for atenarar sidan antikken. I 2011 blei ho avbilda på den greske euroen.[11]
Honduras gulvengjeraudara (Ara macao)[12] Gulvengjeraudara
India påfugl, indiapåfugl (Pavo cristatus)[4] Vill indisk påfugl
Island jaktfalk (Falco rusticolus)[4] Jaktfalk
Israel hærfugl (Upupa epops) Hærfugl Hærfuglen blei vald til israelsk nasjonalfugl i 2008.[13]
Japan grønfasan (Phasianus versicolor)
japantrane (Grus japonensis)
Grønfasanhann
Japantrane
Grønfasan er oftast rekna som den japanske nasjonalfuglen. I 2008 drap koreanske demonstrantar fleire fasanar i protest mot Japan på grunn av ein strid om territorium. Både fasanen og tranen er viktige i japansk kunst og kultur.[14]
Latvia linerle (Motacilla alba) Linerle
Luxemburg isfugl (Alcedo atthis) Isfugl
Nicaragua turkisbrynmotmot (Eumomota superciliosa)[4] Turkisbrynmotmot
Noreg fossekall (Cinclus cinclus) Fossekall
Ny-Caledonia (Frankrike) kagu (Rhynochetos jubatus) Kagu
Pakistan berghøne (Alectoris chukar)[4] Berghøne
Polen havørn (Haliaeetus albicilla)[4] Havørn
Portugal høns
Skottland kongeørn
Spania slangeørn
Sri Lanka flammehane (Gallus lafayetii)[4] Flammehane
Storbritannia raudstrupe (Erithacus rubecula)[4] Raudstrupe
Sverige svarttrast (Turdus merula)[4] Svarttrasthann
Sør-Korea skjor (Pica pica)[4] Skjor
Tyrkia raudvengtrast (Turdus iliacus)[4] Raudvengtrast
Tyskland stork (Ciconia ciconia)[4] Stork
Ungarn stortrappe (Otis tarda) Stortrappe
USA kvithovudhavørn (Haliaeetus leucocephalus) Kvithovudhavørn Ørna er viktig for mange amerikanske urfolk og er avbilda på det USA-amerikanske riksvåpenet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Elsie, Robert (2010). Historical Dictionary of Albania. Lanham, Maryland: Scarecrow Press (The Rowman & Littlefield Publishing Group Incorporated). ISBN 0-8108-6188-7.  Oppgjeve av Engelsk Wikipedia; «Nature of Albania», albaniaconsulate.org
  2. Bird Watching in Anguilla, anguillalife.com
  3. Our National Symbols, (July 13, 2009), ab.gov.ag
  4. 4,00 4,01 4,02 4,03 4,04 4,05 4,06 4,07 4,08 4,09 4,10 4,11 4,12 4,13 4,14 4,15 4,16 4,17 4,18 4,19 4,20 4,21 4,22 4,23 4,24 4,25 4,26 4,27 Nasjonalfugl (2012, 19. juni) i Store norske leksikon. Henta 24. september 2013.
  5. «Coat of arms», dfat.gov.au (Australia.gov.au)
  6. The Flamingo - National Bird of The Bahamas, bahamas.gov.bs
  7. The National Symbols, belize.gov.bz
  8. National Birds – Canada (January 17, 2008), birdfreak.com
  9. National Bird, turiscolombia.com
  10. National Bird: Tocororo, cubadiplomatica.cu
  11. «Owls in Mythology & Culture»; 2011 * 1 euro GREECE Little Owl, mynumi.net
  12. National Symbols, embassyofhonduras.nl
  13. «Hoopoe Israel's new national bird» (05.30.08), ynetnews.com
  14. «Kokucho(The national bird)», japanlink.co.jp; Society: Government, web-japan.org; Symbols, worldatlas.com; Raw : Korean's Kill Pheasants Outside Japans Embassy Over Territorial Dispute (17/07/2008), liveleak.com