Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.
Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design
Type Stifting
Org.nummer 985 686 092[1]
Hovudkontor Kristian Augusts gate 23, Oslo
Direktør Audun Eckhoff[2]
Verkeområde Noreg
Lokale ledd Nasjonalgalleriet
Kunstindustrimuseet
Museet for samtidskunst
Arkitekturmuseet
Villa Stenersen
Riksutstillingar
Nettstad http://www.nasjonalmuseet.no/

Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design er eit norsk statleg museum skipa i 2003 ved ei samanslåing av Arkitekturmuseet, Kunstindustrimuseet, Museet for samtidskunst, Nasjonalgalleriet og Riksutstillingar.

Nasjonalgalleriet[endre | endre wikiteksten]

Nasjonalgalleriet frå 1882. Arkitekt: Adolf Schirmer og Heinrich Ernst Schirmer
Foto: Bjørn Erik Pedersen

Nasjonalgalleriet vart etablert i 1842 som Den norske stats sentralmuseum for billedkunst. Sidan 1882 har museet vorelokalisert i Universitetsgata, Oslo, i eit bygg teikna av Heinrich Ernst og Adolf Schirmer.

Kunsthistorikaren Jens Thiis var direktør ved Nasjonalgalleriet mellom 19081941. Thiis var internasjonalt orientert og fekk kjøpt inn ei rad sentrale verk til museumssamlinga. Museet fekk i denne perioden også store gåver av Olaf Schou (1909), Chr. Paus (1918) og Chr. Langaard (1922).

Museet har ei særleg god samling av målarkunst frå den norske nasjonalromantikken, og av bilete måla av Edvard Munch.

I 1990 vart samlinga av måleri frå etter 1945 overførte til det nyetablerte Museet for samtidskunst.

Nasjonalgalleriet har i dag berre seks til sju prosent av kunsten stilt ut offentleg.[3] Lanseringa av ein ny basisutstilling «Alle snakker om museet» i februar 2005 vakte reaksjonar, men førte òg til auka tilstrøyming.[4] Det meist omtala var at ein splitta opp «Munch-rommet», og synte bileta til Munch saman med andre samtidige målarar. Ein erstatta eit kronologisk prinsipp med eit tematisk. Basisutstillinga vart revidert i 2011, og i den gjeldande basisutstillinga Livets dans. Samlinga frå antikken til 1950 er Munchrommet og eit kronologisk prinsipp innført att.[5] Den nye basissamlinga har vore omtalta som «en kortversjon av verdens kunsthistorie fremfor å speile museets egen samling»[6]

Museet for samtidskunst[endre | endre wikiteksten]

Museet for samtidskunst held til i den tidlegare Noregs Bank-bygningen på Bankplassen i Oslo.

Museet for samtidskunst blei stifta i 1988 og tok over verk frå Riksgalleriet og Nasjonalgalleriet.[7]Museet ligg på Bankplassen 4 i Oslo i lokalar som tidlegare inneheld Noregs Bank.[8]Det åpna for publikum i 1990.[8]Bygninga er frå 1907 og er teikna av Ingvar Hjorth.

Museet har skiftande utstillingar og tre faste innstallasjonar i dei 2 000 m² store lokalane. Samlinga inneheld rundt 5 000 norske og utenlandske verk frå perioden etter 1945.[8]

Nasjonalmuseet - Arkitektur[endre | endre wikiteksten]

Arkitekturmuseet med paviljongen teikna av Sverre Fehn
Foto: Helge Høifødt

Arkitekturmuseet blei stifta av Norske Arkitekters Landsforbund i 1975 og frå 1. juli 2003 blei stiftinga ein del av Nasjonalmuseet.[9] Arkitekturmuseets visingsstad i Kongens gate 4 var i bruk fram til mars 2005.

Nasjonalmuseet åpna i 2008 ein ny visingsstad for arkitektur, kalla Nasjonalmuseet - Arkitektur, på Bankplassen 3 i Oslo.[10] Museet held til i tre bygningar som er bygd samman. Hovudbygninga - den eldste delen - er Norgegs Banks Christianiaavdeling som ble teikna av Christian H. Grosch og stod ferdig i 1830.[10] På skrå bak ligg Sverre Fehns tilbygg frå 2002 - Ulltveit-Moe paviljongen -[11]og i tillegg kjem magasinbygninga frå 1911 teikna av Henry Bucher.

Nasjonalmuseet - Arkitektur har skiftande utstillingar frå samlinga som mellom anna inneheld modellar, teikningar og fotografi.[10]

Kunstindustrimuseet[endre | endre wikiteksten]

Kunstindustrimuseet
Foto: A-S. Ofrim

Kunstindustrimuseet ligg i St. Olavsgate 1. I 1897 hadde det vore lyst ut ein arkitektkonkurranse og mellom dei 14 forslaga blei den då 26 år gamle arkitekten Adolf Bredo Greve kåra som vinnar. På grunn av sin låge alder, fekk han hjelp hos den meir erfarne Ingvar Hjorth.[12]

Sjølve museet blei til på initiativ frå professor Lorentz Dietrichson og antikvar Nicolay Nicolaysen i 1876, og museet vart grunnlagd av kommunen allereie same år.[12]

Riksutstillingar[endre | endre wikiteksten]

Riksgalleriet vart oppretta i 1953 som ein statleg etat for å sende vandreutstillingar av norsk og nordisk kunst ut til alle landsdelane. Etaten sende ut 142 utstillingar i dei 34 åra han eksisterte. Etaten bygde opp eigne samlingar, og lånte også inn verk til sine utstillingar.

Da Museet for samtidskunst vart oppretta i 1988, inngjekk Riksgalleriet som ein del av museet, frå 1992 med namnet Riksutstillinger.

Direktørar[endre | endre wikiteksten]

Den fyrste direktøren for Nasjonalmuseet var svenske Sune Nordgren (fram til august 2006). 1. august 2007 overtok Allis Helleland i denne stilinga. Per 2014 er Audun Eckhoff direktør.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Nøkkelopplysningar frå Enhetsregisteret
  2. Nasjonalmuseets direktør og stab
  3. Nasjonalgalleriet: Protestene preller av, Morgenbladet 27. mars 2009
  4. Dag Solhjell Nye grep i Nasjonalgalleriet kunstkritikk.no, 7.3.2005
  5. nasjonalmuseet.no Livets dans. Samlingen fra antikken til 1950
  6. Lotte Sandberg. «En litt anstrengt dans». Aftenposten, 29.4.2011
  7. Museet for samtidskunsts historie
  8. 8,0 8,1 8,2 Museet for samtidskunst
  9. Om Nasjonalmuseet – Arkitektur
  10. 10,0 10,1 10,2 Nasjonalmuseet – Arkitektur
  11. Et praktbygg for arkitektur
  12. 12,0 12,1 Mathide Sprovin: Fredning av kunstindustrimusset og Statens håndverk- og kunstindustriskole, Fortidsvern 2/2010, side 24-25

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]