Nasjonalpalasset i Haiti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Presidentpalasset i Port-au-Prince i 2006.
Presidentpalasset etter jordskjelvet i 2010.

Nasjonalpalasset eller Presidentpalasset (fransk Palais national eller Palais présidentiel) i Haiti ligg i Port-au-Prince og er residens for den haitiske presidenten. Det vart sterkt skadd under jordskjelvet i Haiti 12. januar 2010.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det tidlegare palasset vart øydelagt av ein kraftig eksplosjon i 1912 som tok livet av dåverende president Cincinnatus Leconte og hundrevis av soldatar. Eit endå tidlegare palass vart øydelagt under eit opprør i 1869.

Den noverande bygningen vart bygd i 1918 og var teikna av Georges Baussan, ein leiande haitisk arkitekt den gongen.

Til liks med ei rekkje andre offentlege bygningar i Haiti, står Det nasjonale palasset i tradisjon til den franske renessansearkitekturen. Det er to etasjar høgt og inngangspartiet har ein pedimentert portiko med fire joniske søyler. Taket har fire kuplar så vel som fleire gavlar, og heile palasset er kvitmåla.

12. januar 2010 vart palasset sterkt skadd av eit kraftig jordskjelv med ein momentmagnitude på 7,0.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]