Nasjonalparkar i Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kartet ajour etter etableringa av Lofotodden nasjonalpark i juni 2018.

Nasjonalparkar i Noreg omfattar dei 47 nasjonalparkane i Noreg, derav 40 i fastlands-Noreg og 7 på Svalbard.[1]

I Noreg blir nasjonalpark rekna som ei middels streng form for områdevern. Eit svakare vern er landskapsvernområde, medan det strengaste vernet er naturreservat. I motsetnad til landskapsvernområde og naturreservat, dekker nasjonalparkar som regel eit stort område. Ifølgje naturvernlova skal ein nasjonalpark hovudsakleg bestå av statsgrunn.[2]

Noregs fyrste nasjonalpark var Rondane nasjonalpark, som vart oppretta i 1962. Per august 2013 har fastlands-Noreg 37 nasjonalparkar med eit samla areal på 25 000 km², medan Svalbard har 7 nasjonalparkar på til saman 14 500 km². Dimed er 7 % av det norske fastlandet og 24 % av Svalbard verna som nasjonalpark. Nasjonalparkane i Noreg består for det aller meste av høgfjellsområde, som har vore utsett for lite menneskeleg aktivitet og som utgjer viktige leveområde for artar som villrein og rovdyr. Fjellbjørk dominerer i skogområda som er verna som nasjonalpark i Noreg, men det er også etablert nasjonalparkar for å verne gamal urørt barskog. Kyst- og sjøområde har vore dårlegare representert, men har hatt ei positiv utvikling dei seinare åra med opprettinga av nasjonalparkar som Ytre Hvaler og Færder.[3]

Historia til nasjonalparkane i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Dei fyrste initiativa til naturfreding i Noreg kom på 1800-talet og var estetisk motivert, mellom anna med fredinga av Bøkeskogen i Larvik i eit stortingsvedtak i 1884.[4] Ei meir konsekvent haldning til arealfreding for å verne naturen kom fram på årsmøtet til Den Norske Turistforening i 1904][5], og i eit foredrag av professor Johan Nordal Fischer Wille i Det Norske Geografiske Selskab i 1909.[4] Desse initiativa var ein del av mentaliteten som førte til den fyrste lova om naturfreding i 1910. Dei fyrste fredingssakene galdt mindre område, og til dels også punktfreding av namngjevne tre. I 1914 vart føreløparen til Norges Naturvernforbund, Landsforeningen for naturfredning stifta. I 1932 vedtok turistforeininga å «skåne» Børgefjell og syndre del av Hardangervidda for tilrettelegging i eigen regi, og i 1938 vedtok årsmøtet ei oppfordring til å opprette Jotunheimen nasjonalpark, ei sak som hadde støtte frå fleire hald på 1930-talet.

Rondane nasjonalpark, den fyrste nasjonalparken i Noreg, vart oppretta i 1962.
Foto: Cato Edvardsen

I 1954 vart lov om naturvern etablert. Den gav heimel for freding av naturområde, og på grunnlag av denne heimelen vart Rondane nasjonalpark oppretta i 1962 og Børgefjell nasjonalpark oppretta i 1963. Sjølve omgrepet nasjonalpark vart ikkje innført i lova før naturvernlova vart revidert i 1970. I og med lova frå 1954 vart Statens naturvernråd etablert, og rådet la i 1964 fram ein landsplan for etablering av nasjonalparkar. Forslaget omfatta 16 område[6], på til saman 6300  km². Forslaget vart behandla i kommunalkomiteen på Stortinget i 1967, og komiteen og Stortinget støtta oppretting av 12 av dei 16 områda.[7][8] Det tok 25 år, fram til fredinga av Saltfjellet-Svartisen nasjonalpark i 1989, før 15 av desse framlegga var blitt vedtekne. I løpet av denne tida var også Rago og Reisa freda.

Eit utval leia av Guttorm Hansen la i 1980 fram eit framegg om ei 3–4-dobling av verneområde.[9] Dette vart følgt opp av Miljøverndepartementet i Stortingsmelding nr 68 (1980–81), og av Stortinget i 1981. Departementet gav i 1982 Statens Naturvernråd, under leiing av Olav Gjærevoll, i oppdrag å utarbeide ein ny landsplan for nasjonalparkar. Denne planen vart presentert i 1986.[10] Planen omfatta framlegg om 26 nye nasjonalparkar, 14 landskapsvernområde og 3 større naturreservat. Planforslaget innebar freding av omkring 23 000 km². Denne planen vart lagt fram for Stortinget som Ny landsplan for nasjonalparkar og andre større verneområde i Noreg i 1992[11], og behandla og vedteken av Stortinget i april 1993. Jostedalsbreen nasjonalpark vart oppretta i 1991 med bakgrunn i denne utgreiinga. Etter dette skulle det gå 10 år før Forollhogna vart oppretta i 2001, som «den fyrste av dei nye».[12]

Framlegga i Nasjonalparkplanen omfattar mellom anna følgjande område[13] som enno ikkje er vedtekne: Goatteluobbal i Kautokeino; Lyngsalpane i Troms; Sørdalen-Isdalen i Bardu; Tysfjord Hellemo i Tysfjord, Nordland; Naustdal-Gjengedal i Sogn og Fjordane; og Frafjordheiane i Vest-Agder og Rogaland.

Det har heile tida vore grader av interessekonfliktar mellom verneinteresser og ulike utbyggingsinteresser. I etterkrigstida var det konfliktar mellom ulike nasjonale interesser, ofte vasskraftutbygging mot naturfreding. I dei siste 20–25 åra gjeld motsetningane vanlegvis lokal arealutnytting kontra verneinteresser.[14] Interessemotsetningane har kome tydelegast fram i tilknyting til Hardangervidda nasjonalpark, der heile 54 % av arealet er privat grunn.[15] I den såkalla «Fjellteksten» som vart lagt fram av Bondevikregjeringa i revidert nasjonalbudsjett 15.5.2003 vart det opna for større grad av lokal verdiskaping og kommersiell reiselivsverksemd i nasjonalparkene.[16][17][18]

Nasjonalparkar i Noreg utanom Svalbard[endre | endre wikiteksten]

Frå Hallingskarvet nasjonalpark
Foto: Stian Danenbarger
Frå Hardangervidda nasjonalpark
Foto: Svein-Magne Tunli
Frå Færder nasjonalpark
Foto: Karl Ragnar Gjertsen
Frå Saltfjellet-Svartisen nasjonalpark
Foto: Øyvind Rask
Frå Øvre Dividal nasjonalpark
Foto: Kim Grønbæk Skytte
Namn Oppretta Flatevidd km²[19] Fylke
Ytre Hvaler 2009 3&502&354&354 Østfold
Fulufjellet 2012 3&501&82.5&82,5 Hedmark
Gutulia 1968 3&501&22.5&22,5[19] Hedmark
Femundsmarka 1971 3&502&597&597[19] Hedmark, Trøndelag
Forollhogna 2001 3&503&1064&1 064[19] Hedmark, Trøndelag
Rondane 1962 3&502&969&969[19] Hedmark, Oppland
Dovre 2003 3&502&290&290[19] Hedmark, Oppland
Dovrefjell-Sunndalsfjella 2002[20] 3&503&1698&1 698 Oppland, Møre og Romsdal, Trøndelag
Reinheimen 2006 3&503&1974&1 974 Oppland, Møre og Romsdal
Jotunheimen 1980 3&503&1155&1 155[19] Oppland, Sogn og Fjordane
Breheimen 2009 3&503&1671&1 671 Oppland, Sogn og Fjordane
Langsua 2011[21] 3&502&537&537[19] Oppland
Hallingskarvet 2006 3&502&451&451[19] Buskerud, Hordaland, Sogn og Fjordane
Hardangervidda 1981 3&503&3444&3 444 Buskerud, Telemark, Hordaland
Færder 2013 3&502&340&340 Vestfold
Jomfruland 2013 3&502&340&340 Telemark
Raet 2013 3&502&340&340 Aust-Agder
Folgefonna 2005 3&502&545&545 Hordaland
Jostedalsbreen 1991 3&503&1310&1 310 Sogn og Fjordane
Skarvan og Roltdalen 2004 3&502&441&441 Trøndelag
Blåfjella-Skjækerfjella 2004[22] 3&503&1924&1 924 Trøndelag
Lierne 2004 3&502&333&333 Trøndelag
Børgefjell 1963 3&503&1447&1 447 Trøndelag, Nordland
Saltfjellet-Svartisen 1989 3&503&2102&2 102 Nordland
Lomsdal-Visten 2009 3&503&1102&1 102 Nordland
Sjunkhatten 2010 3&502&417.5&417,5 Nordland
Junkerdal 2004 3&502&682&682 Nordland
Møysalen 2003 3&501&51&51 Nordland
Rago 1971 3&502&171&171 Nordland
Láhko 2012 3&502&188&188 Nordland
Ånderdalen 1970 3&502&125&125 Troms
Rohkunborri 2011 3&502&571&571 Troms
Reisa 1986 3&502&803&803 Troms
Øvre Dividal 1971 3&502&770&770 Troms
Stabbursdalen 1970 3&502&747&747 Finnmark
Varangerhalvøya 2006 3&503&1804&1 804 Finnmark
Anárjohka 1976 3&503&1390&1 390 Finnmark
Seiland 2006 3&502&316&316 Finnmark
Øvre Pasvik 1970 3&502&119&119 Finnmark


Nasjonalparkar på Svalbard[endre | endre wikiteksten]

Nasjonalparkene på Svalbard
Namn Oppretta Flatevidd km² På kart
Sør-Spitsbergen nasjonalpark 1973 3&504&13177&13 177 1
Nordvest-Spitsbergen nasjonalpark 1973 3&503&9870&9 870 7
Forlandet nasjonalpark 1973 3&503&4627&4 627 5
Nordre Isfjorden nasjonalpark 2003 3&503&2952&2 952 4
Indre Wijdefjorden nasjonalpark 2003 3&503&1127&1 127 6
Nordenskiöld Land nasjonalpark 2003 3&503&1362&1 362 2
Sassen-Bünsow Land nasjonalpark 2003 3&503&1230&1 230 3


Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Norges nasjonalparker - Finn nasjonalpark». Miljødirektoratet. 
  2. Lov om naturvern av 1970 §3 «For å bevare større urørte eller i det vesentlige urørte eller egenartede eller vakre naturområder kan arealer av statens grunn legges ut som nasjonalpark. Grunn av samme art som ikke er i statens eie, og som ligger i eller grenser inntil arealer som nevnt i første punktum, kan legges ut som nasjonalpark sammen med statens grunn»
  3. Tore J. Brænd (16.03.2016). «nasjonalparker i Norge». Store norske leksikon. Henta 15. august 2015. 
  4. 4,0 4,1 Ragnhild Sundby. «Natur og ressurser» I: Norges kulturhistorie. Bind 8. Underveis - mot nye tider. Aschehoug, 1981
  5. På årsmøtet til foreininga i 1904 lanserte formannen Yngvar Nielsen tanken om «å «halde av» ein del av Noreg». I 1917 skreiv botanikaren Hanna Resvoll-Holmsen om vern av Jotunheimen i årboka til foreininga, etter at Vassdragsvesenet hadde byrja å vurdere ei utbygging av Vinstra og Sjoa. Foreininga arbeidde i 1923 for freding av Gjende og Sjoa. Jfr Leif Ryvarden. «Å halde av ein del av Noreg» I: Den norske turistforenings årbok 1993; s 44ff
  6. Dei 16 områda var: Øvre Pasvik, Øvre Anarjokka, Stabbursdalen, Øvre Dividal, Ånderdalen, Saltfjellet, Børgefjell, Gressåmoen, Grytdalen (Songli), Dovrefjell, Femundmarka, Gutulia, Rondane, Jotunheimen. Femten av desse er sidan blitt nasjonalparkar, medan Grytdalen i Orkdal vart freda som Grytdalen naturreservat i 1992
  7. Freding av Jotunheimen, Femundmarka og Saltfjellet vart utsett av omsyn til kraftutbygging, medan Anarjokka vart utsett av omsyn til bergverk.
    Spørsmålet om vern kontra vasskraft var tilbakevendande. I samband med Gabrielsen-komiteens utgreiing om vassdragsvern i 1963 hadde styret i NVE protestert, også mot premisset om ein landsplan for vernespørsmål. Ref: Ragnhild Sundby. «Natur og ressurser» I: Norges kulturhistorie. Bind 8. Underveis – mot nye tider. Aschehoug, 1981
    Sjå også Per Einar Faugli «Verneplan for vassdrag / National plan for protecting river basins from power development» i Norsk geografisk tidsskrift, 1977
  8. Den norske turistforenings årbok i 1969 hadde Nasjonalparker i Norge som tema, og gav ei fyrste samla populær oversikt over alle dei føreslåtte 16 områda
  9. Olav Gjærevoll. «Våre nye nasjonalparker» I: Den norske turistforenings årbok 1993; s 23ff
  10. Ny landsplan for nasjonalparkar / frå ei arbeidsgruppe oppnemnd 3. september 1982 ; utgreiinga gjeven til Miljøverndepartementet april 1986. Oslo, 1986 (Norges offentlige utredninger ; NOU 1986: 13). ISBN 82-00-71038-6Internett-versjon (pdf)
  11. Stortingsmelding nr 62 (1991–92) frå Miljøverndepartementet, også kalla «Nasjonalparkplanen».
  12. Karl H. Brox. «Forelhogna – vår første "nye" nasjonalpark» I: Brennpunkt natur 1999. Tapir forlag, 1999. ISBN 82-519-1551-1
  13. Områda skildrast i Den norske turistforenings årbok 1993; og, for nokre av dei, også i boka til Leif Ryvarden Norges nasjonalparker (2005)
  14. Inge Lorange Backer. «Forvaltningen – hva skjer med nasjonalparkene» I: Den norske turistforenings årbok 1993: Sitat: «På privat grunn kan det nok være duket for konflikter mellom grunneierens ønske om å utnytte eiendommen og behovet for vern, iallfall hvis det gjelder områder som tidligere har vært brukt på noen måte eller som har naturressurser for ny utnytting. Det kan gjelde utvinning av stein og minaraler, oppdyrking og oppføring av nye hytter og buer i gamle setergrender eller ved fiskevann, eller hogst i det som fra gammelt av har vært vedskog»
  15. Gro Harlem Brundtland. «Nasjonalparktanken – i hvilken grad har vi lykkes» I: Den norske turistforenings årbok 1993
  16. St.prp. nr. 65 (2002-2003); kapittel 3.13 Miljøverndept
  17. Thor Flognfeldt jr. «Bebyggelse og tilrettelegging i nasjonalparkene – en utfordring?» I Tidsskriftet Utmark; nr 2, 2005
  18. Terje Skjeggedal, mfl. «Ti år med «fjellteksten»» I Tidsskriftet Utmark; nr 1, 2013. Også publisert i Nationen, 4.6.2013
  19. 19,0 19,1 19,2 19,3 19,4 19,5 19,6 19,7 19,8 Fleire av parkane har i seinare tid målt arealet på nytt digitalt. Dette blir rekna som meir nøyaktig enn tidlegare analoge mål, som det kan variere noko frå. Nye tal gjeld me. a. alle parkane på Svalbard. Kjelde for dei digitale måla er Naturbase (Direktoratet for naturforvaltning).
  20. Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark vart oppretta som ei vesentleg utviding av Dovrefjell nasjonalpark frå 1974
  21. Langsua nasjonalpark vart oppretta som ei vesentleg utviding av Ormtjernkampen nasjonalpark frå 1968
  22. Blåfjella-Skjækerfjella nasjonalpark vart oppretta som ei vesentleg utviding av Gressåmoen nasjonalpark frå 1970

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Nasjonalparkar i Noreg