Nasjonalromantikken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Nasjonalromantikken er ei åndshistorisk retning, og ei grein av romantikken, som tek særskilt omsyn til folk og folkekultur.

Opphavet til nasjonalromantikken finst i tankegodset til filosofen Johann Gottfried Herder. Han gav uttrykk for at alle folkeslag eller nasjonar hadde ei særskild kultur med eigne uttrykk det skulle takast vare på. Han gav ut ei samling volkslieder i 1760-åra, der han hadde samla folkeviser frå heile Europa. Samstundes skapte Herder omgrepet Volkstum, som vart viktig for den nasjonalromantiske rørsla.

Rørsla vart skapt då tankane til Herder møtte den gryande tyske nasjonalkjensla tidleg på 1800-talet, og vart òg inspirert av Ossian-samlinga, ei kjent samling keltiske viser og dikt, utgjeve i Skottland. Rørsla skaut fart i Tyskland under trykket frå Napoleonskrigane, og fekk eit åndeleg senter i universitetsbyen Heidelberg. Her møttest Grimm-brørne, filosofen Schlegel og andre.

I 1804 kom det ut ei samling tyske småstubbar og barnerim, Des Knaben Wunderhorn. Denne sette i gang ei rein bølgje. Ikkje lenge etter tok Jakob og Wilhelm Grimm til med å samle tyske målprøver og eventyr. Samlinga deira kom ut i 1812, samstundes som dei arbeidde med den tyske ordboka og registreringa av tysk språk.

Arbeidet som vart gjort i Tyskland fekk snart åtgaum i andre land. Soleis vart det nasjonalromantisk rørsle i Sverige, England og andre stader.

Utviklinga i Noreg[endre | endre wikiteksten]

I Noreg kom nasjonalromantikken seint i gang. Grunnen skuldast at landet måtte kome seg på føtene etter dansketida, og folk hadde meir enn nok med den nye politiske kvardagen i åra etter 1814. Første teiknet på at noko emna seg, var i 1832, då Johan Sebastian Welhaven gav ut boka Norges Demring. Dette var ei samling polemiske sonettar og vart ikkje godt motteke av dei politiske patriotane.

I 1837 gav Andreas Faye ut ei samling norske folkesegner og historier, og snart etter var det at Henrik Wergeland la fram forslag om at folkekulturen laut prentast og skrivast ned slik at alle kunne nå i han. På denne tida hadde òg Ole Bull møtt Myllarguten og slik kome i kontakt med den norske folkemusikken. Bull var den første som skjøna Noreg trong sitt eige musikalske uttrykk. Wergeland følgte han i dette, og skreiv at nokon med skyn på slikt laut ta seg gjennom landet for å samle det han kunne finne, «og da bør han ikke ligge i præstegaardene,» som han sa.

Den nasjonalromantiske bløminga i Noreg tok til nett i 1840-åra, og stemningsbølgja toppa seg i 1849, med førestillingar og konsertar. Året er seinare vorte kalla «seterjentens søndag i norsk kulturliv». Dette var òg første gongen ein bygdespelemann spela for eit urbant publikum, då Myllarguten spela for 1500 Kristiania-borgarar i logesalen i byen 15. februar, til stor åtgaum for lydarane.

I Noreg voks det fram to typar av nasjonalromantikk på denne tida. På den eine sida var rørsla eit urbant svermeri som ikkje støtt hadde med røynsla å gjere. Mellom dei førande her var Welhaven og Andreas Munch. Denne forma for nasjonalromantikk tapte seg etter nokre år, og veik plassen for større realisme og meir politisk nasjonalisme ettersom åra gjekk. Stemningsbølgja vart òg kritisert og parodiert, mellom anna av den unge Henrik Ibsen.

Den andre sida av nasjonalromantikken var meir vitskapleg retta, og dei som arbeidde her, budde og verka på bygdene i større grad. Det store samlingsverket, som heldt fram etter at nasjonalromantikken i byane døydde av, vart gjort av desse, som òg er kalla nasjonalrealistar. Mellom dei finn vi Ivar Aasen, Eilert Sundt, Magnus Brostrup Landstad og andre med dei. Arbeidet etter desse er teke vare på av språkfolket, Norsk Folkeminnelag og Norsk folkelivsgransking.

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!