Nasjonalt Garborgsenter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Garborgsenteret sett frå Forum Jæren

Nasjonalt Garborgsenter, ofte kalla Garborgsenteret, er eit forfattarmuseum som opna i september 2012. Det ligg på Bryne i Time kommune, Arne Garborg sin heimkommune. Senteret er samlokalisert med Time bibliotek, plassert mellom Forum Jæren og den nye vidaregåande skulen, som skal stå ferdig i 2014. Heile dette området skal ha fokus på læring, næring og kultur.

Ideen om eit Garborg-senter sprang ut av 150-årsjubileet for Arne Garborg sin fødsel, Garborg-året 2001. I etterkant av jubileet tok Time Mållag initiativ til ei utgreiing av ideen om eit Garborgsenter. Ei arbeidsgruppe leia av Tarald Oma, dåverande leiar i Time Mållag, la i 2004 fram forprosjektet "Nasjonalt Garborgsenter på Bryne - for lesing og litteratur". Dette førte til at det blei sett ned ei styringsgruppe.

Prosjektet starta opp i oktober 2006 med Time Mållag, Time kommune og Rogaland fylkeskommune som initiativtakarar. Time kommune fekk ansvaret for å driva prosjektet. Frå 1. april 2008 tok Jærmuseet over arbeidet.

Garborgsenteret er ein nasjonal formidlingsarena for å fremja interessa for Arne og Hulda Garborg og deira tankar og visjonar. Det skal inspirera til samfunnsengasjement, til å lesa og til å skapa, og vera ein sosial møteplass. Det er eit levande senter for demokrati, kunnskap og skaparkraft. Målgruppa er eit allment publikum utan særskilte faglege føresetnader. Ungdom og unge vaksne er peika ut som hovudmålgrupper.

Anbodet om å produsera den interaktive utstillinga vart vunnen av Media Farm og Arkidea. I samband med denne har Media Farm utvikla spelet Strid.

Leiar sidan 2010 er Inger Undheim.


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Nettstad for Garborgsenteret