Nataf

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nataf
fellesbusetnad
Nataf synagoge
Namneopphav: eit krydder
Land  Israel
Region Jerusalemkorridoren
Distrikt Jerusalem distrikt
Kommune Mateh Yehuda
Koordinatar 31°49′56.28″N 35°4′4.44″E / 31.8323000°N 35.0679000°E / 31.8323000; 35.0679000
Folketal 387  (2006)
Grunnlagd 1982
Kart
Nataf
31°49′56″N 35°04′04″E / 31.8323°N 35.0679°E / 31.8323; 35.0679
Wikimedia Commons: Nataf
Nettstad: natafnik.com

Nataf (hebraisk נָטָף) er ein fellesbusetnad i Judeafjella, 19 km vest for Jerusalem i Israel. Det bibelske namnet kjem frå eit av kryddera nytta i Tempelet.[1](Andre mosebok 30:34). Han er ein del av Mateh Yehuda regionale kommune. I 2006 hadde Nataf eit folketal på 387.[2]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Nataf ligg på ei høgd som grensar til Kefiradalen i nord og Hamishadalen i sør. Høgda er kring 500 meter over havet. Han ligg i enden av ein 5 km lang veg som passerer gjennom Abu Ghosh.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Nataf vart grunnlagd i 1982 på landområde som høyrte til den avfolka palestinsk landsbyen Bayt Thul,[3] mindre enn 1 km sør for staden der landsbyen Nitaf låg.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. *Carta's Official Guide to Israel and Complete Gazetteer to all Sites in the Holy Land. (3rd edition 1993) Jerusalem, Carta, s.358, ISBN 965-220-186-3 (English)
    • Bitan, Hanna: 1948-1998: Fifty Years of 'Hityashvut': Atlas of Names of Settlements in Israel, Jerusalem 1999, Carta, s.47, ISBN 965-220-423-4 (hebraisk)
  2. Terra Incognita: From Nataf to J'lem
  3. Khalidi, 1992, s. 290
  4. Khalidi, 1992, s. 307