Nathanael West

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Nathanael West (fødd Nathan Wallenstein Weinstein17. oktober 190322. desember 1940) var ein amerikansk forfattar, oppvaksen i New York City.

Romanane Miss Lonelyhearts (1933; norsk Frøken hjertesukk, 1965), om ein New York-journalist som redigerer ei «Klara Klok»-spalte, og The Day of the Locust (1939; filmatisert 1975), om ein kunstnar i Hollywood, er dei mest kjende verka hans. Saman med The Dream Life of Balso Snell (1931) og A Cool Million (1934), eit satirisk åtak på amerikansk materialisme, er dette den samla produksjonen til West.

Han arbeidde òg som filmmanusforfattar i Hollywood. Sjølv om han etter han døydde er blitt rekna som ein av dei mest særprega forfattarane i mellomkrigstida, vart han ikkje lagt særleg merke til i samtida si.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]