Nathaniel Palmer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nathaniel Brown Palmer

Nathaniel Brown Palmer (fødd 8. august 1799 i Stonington i Connecticut i USA, død 21. juni 1877) var ein amerikansk selfangar, oppdagar og kaptein.

Under ein selfangstekspedisjon til Sør-Shetlandsøyane i 1820 vart han truleg den første til å nytte den naturlege hamna på Deceptionøya med seglskuta «Hero». Den 16. november 1820 fekk han frå ein utkikkspost på øya syne på Trinity Island og mogelegeins Antarktishalvøya i søraust. Neste dag kryssa han Bransfieldsundet for å rekognosere, men på grunn av pakkis var han hindra frå å nå land.

Året etter, den 6. desember 1821, oppdaga han Sør-Orknøyane i lag med George Powell da dei var på jakt etter sel.

Den inste halvdelen av den antarktiske halvøy har fått namnet Palmer Land etter Nathaniel Palmer.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]