Nationalmuseet i København

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Prinsens Palais, bygningen som hyser Nationalmuseet

Nationalmuseet i København er det statlege kulturhistoriske hovudmuseet i Danmark, med samlingar av kulturhistoriske gjenstandar frå både innland og utland.

Dei eldste samlingane av kunsthandverk, målarstykke, etnografiske gjenstandar, våpen og oldsakar skriv seg frå Det Kongelige Kunstkammer som vart skipa av kong Fredrik 3. i om lag 1650.

I 1807 vart det skipa ein «kgl. Kommission til Oldsagers Opbevaring», og eit Oldnordisk Museum var opna i 1819 på loftet i Trinitatis Kirke i København. I 1832 vart oldsakene flytta til større og betre lokale på Christiansborg Slot på Slotsholmen i København. Stutt tid etter at den fyrste Danmarks Riges Grundlov var underskrive 5. juni 1849 og endra Danmarks styreform frå einevelde til konstitusjonelt monarki, med det til fylgje for den kongelege samlinga at ho vart statens eigedom, vart det fastsett at alt skulle flyttast over til Prinsens Palais (palais er fransk for palé), Frederiksholms Kanal i København. Denne bygningen var i si tid bygd for kronprinsen som i 1746 vart kong Frederik 5. Nationalmuseet held framleis til i denne bygningen, som er omgjort innvendig og utvida for å stette vår tids krav til ein museumsbygning.

Nationalmuseet er freda.[1]

Arkeologisk verksemd[endre | endre wikiteksten]

Museumseininga Danmarks Oldtid har som oppgåve å samle inn, registrere, take vare på og spreie kunnskap om gjenstandar, innretningar og andre spor etter menneskeleig verksemd som kan kaste ljos over den kulturelle utviklinga i førhistorisk tid i Danmark, det vil seie frå dei eldste tidene til slutten av vikingtida om lag år 1050 e.Kr. Hovudarkivet i Danmark for alle meldingar, utgreiingar og rapportar om arkeologiske utgravingar og funn av gjenstandar i heile landet ligg til denne eininga. For å trygge og take vare på fornminna kan eininga òg gjere arkeologiske utgravingar i heile Danmark. Undersøkingar og tidfestingar etter naturvitskaplege metodar vert gjort innanfor felt som pollenanalyse, kvartærgeologi, makrofossilanalyse (frøanalyse), treartsanalyse og dendrokronologi (tidfesting på grunnlag av årringsmønsteret i trevirke).

Utstillingar[endre | endre wikiteksten]

Solvogna frå Trundholm er eit bronsealderfunn i bronse og gull og datert til eldre bronsealder, ca. 1400 f.Kr. Solvogna blei funne på Nordsjælland i 1902.[2]
Foto: Malene Thyssen

Museet har fleire permanente utstillingar, mellom anna:

  • Danmarks forhistorie frå dei tidlegaste tidene fram til mellomalderen,
  • Danmark i mellomalderen og i
  • renessansen,
  • Danmark i tida 1660-2000,
  • Antikksamlinga,
  • Jordas folk,
  • Etnografiske samlingar,
  • Myntsamlinga
  • Bornas museum.

Av arkeologiske funn frå Danmark kan ein til dømes sjå funn frå steinalderen, lurar frå bronsealderen, myrlik, våpen og smykke frå jarnalderen. Elles kan ein sjå Danmarks eldste mynt, gjenstandar frå kyrkjer frå mellomalderen, mellom anna ei stor samling gylne altar, egyptiske mumiar, 4000 år gamle greske marmorfigurar og kultgjenstandar frå Amerika før Christoffer Columbus si tid, og mykje anna. I tillegg til dei permanente utstillingane vert det ofte skipa til ymse særutstillingar.

Nationalmuseets andre utstillingar[endre | endre wikiteksten]

Under Nationalmuseet ligg det fleire andre avdelingar og utstillingsstader, mellom anna:

  • Frihedsmuseet i København skilder den tyske okkupasjonen og motstandskampen i Danmark i åra 1940-1945, under den andre verdskrigen.
  • Frilandsmuseet, eit av verdas største og eldste frilandsmuseum med meir enn 100 bygningar frå heile landet. Museet ligg nord for København, ved Kongevejen i Kongens Lyngby på Nord-Sjælland
  • Musikmuseet, som ligg i gata med namnet Åbenrå i København og har ei samling musikkinstrument frå heile verda, og eit bibliotek og arkiv med materiale særleg om instrument og om dansk musikkliv
  • Brede Værk, eit museum for industrikultur som ligg i Danmarks største, freda industrianlegg attmed Mølleåen, nord for Kongens Lyngby.
  • Brede Hovedbygning i Kongens Lyngby nord for København. Bygningen er frå 1795 og vart bygd som landstad for eigaren av Brede Værk, men er i dag er ein del av det som fram til 1831 var Brede Kobber- og Messingværk, deretter Brede Klædefabrik.
  • Nationalmuseets klunkehjem i Frederiksholms Kanal nr. 18 i København. Klunkehjemmet er ein full møblert bustad frå det som i Danmark vert kalla klunketiden, åra kring 1890, då den arkitektoniske stilperioden historisme dominerte. I det to siste tiåra av 1800-talet (ca. 1880-1900) hang det på alle møblar slik pryd som danskane kallar klunker, kuler med kvastar (possement).
  • Kongernes Jelling i Jelling på Jylland, eit utstillingshus for Jellingmonumenta og eit for­mid­lingssenter som skildrar tida då Jelling var ein sentral stad i den danske soga. Museet syner korleis Jellingsteinane truleg så ut opphavleg, og presenterer ny viten om vikingtida.
  • Frøslevlejrens Museum, eit museum som især gjer greie for Frøslevlejren i tida 1944-45, då leiren hyste dei fangane det tyske Gestapo arresterte under okkupasjonen av landet under den andre verdskrigen, og dessutan gjer greie for deportasjonen av danskar til tyske konsentrasjonsleirar. Frøslevlejren er ein av dei tyske fangeleirane i Europa som best er teke vare på frå andre verdskrigen, og har status som nasjonalt minnesmerke.
  • Liselund, eit slott med kringliggjande hage med lysthus, småbygningar og hagemonument i nærleiken av landsbyen Liselund i Magleby Sogn på Møn.
  • Lille Mølle på i Christianshavn, på Christianshavns vold mellom Torvegade og Bådsmandsstræde, ein rest av den siste av dei gamle vindmøllene som stod på vollen, omgjort i 1916 til bustad.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Fredningssag:Nationalmuseet, Prinsens Palæ frå Kulturstyrelsen
  2. Om Solvognen fra Nationalmuseet

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]