Nativt element

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nativ platinaklump frå Sakha

Eit nativt element er eit grunnstoff som opptrer i rein form som mineral i naturen. Av metall ein kan finne som native element er vismut, kadmium, krom, indium, jern, nikkel, tellur, tinn, titan og sink, samt to metallgrupper, gullgruppa og platinagruppa. Gullgruppa består av gull, kopar, bly, kvikksølv og sølv. Platinagruppa består av platina, iridium, osmium, palladium, rhodium og ruthenium. Berre gull, sølv, kopar og platina finst i naturen i større mengder.

Over geologiske tidsskalaer er det berre få metall som kan motstå erosjonsprosessane i naturen, som oksidering, og dette gjeld hovudsakleg berre dei mindre reaktive metalla som gull og platina.

Native metall var dei einaste metalla som førhistoriske menneske kunne få tak i, sidan ein ikkje oppdaga utvinning av metall frå malm via smelteomnar før kring 6500 f.Kr. Ein kunne berre finne desse metalla i små mengder, så dei kunne ikkje nyttast i omfattande grad. Så sjølv om kopar og jern var kjende lenge før bronsealderen og jernalderen, hadde dei ikkje stor innverknad på mennesket før ein klarte å smelte dei fram frå malmen deira og slik masseproduserast.

Nativt gull, delvis innkapsla i kvartsgangar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]