Natteramnar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Natteramnar | ||
|
|
||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Caprimulgiformes Ridgway, 1881 |
|
| Familiar | ||
|
||
Den biologiske orden natteramnar (Caprimulgiformes) samlar froskemunnar, natteramnar og andre relaterte fugleartar. Dei dekkjer det meste av verda, men finst ikkje i arktisk klima og på øyane på New Zealand.
Desse nattfuglane skjuler seg om dagen med hjelp av komplisert kamuflasjeteknikk, fjørdrakta etterliknar tørre blad og bork på tre, eit fenomen som òg kallast krypsis.
Ein antar at medlemmer i Caprimulgiformes har fjernt slektskap med ugler, Strigiformes.
Taksonomi [endre]
Caprimulgiformes samlar fem familiar, talet på artar i parentes: [1]
- Aegothelidae - uglesvaler (9), somme reknar dette som ein sjølvstendig orden Aegotheliformes
- Podargidae - froskemunnar (13)
- Caprimulgidae - typiske natteramnar og natthaukar (91)
- Nyctibiidae - potuar (7)
- Steatornithidae - feittfugl (1)
Kjelde [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Caprimulgiformes frå Spansk Wikipedia .
- ↑ Etter utgåva av Clementslista frå desember 2008. Nedlasting av Clementslista, lese 9. mai 2009.