Natteramnfamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Natteramnfamilien


Nordnatthauk, Chordeiles minor og eikenatteramn, Caprimulgus vociferus
Nordnatthauk, Chordeiles minor
og eikenatteramn, Caprimulgus vociferus

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Caprimulgiformes
Familie: Caprimulgidae

Vigors1825

Vitskapleg namn
Caprimulgidae

Natteramnfamilien, Caprimulgidae, er ein biologisk familie av mellomstore nattlege fuglar med lange venger, korte bein og kort nebb. Det vitskaplege namnet kjem frå slekta Caprimulgus, som er latin for geitemjølk, noko som skyldast at mange har trudd desse fuglane syg mjølk frå geiter. Medlemmer i familien finst verda rundt og føretrekkjer habitat i skogområde, omgjeve av opne jorde og lyng myrområde. Dei fleste artane har ein lyd som er karakteristisk for arten, og som ofte høyrast langt og vidt i skumringa og om natta i hekkeperioden.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Fuglar i natteramnfamilien har korte nebb, men eit særs stort gap, frå munnvikene stikk det ut lange, framretta bustar.

Dei fleste artane i familien har korte bein og små føter, uegna til å flytte seg med. Tre av tærne peikar framover og er samanvaksne med ei hinne fram til første leddet. Mellomtåa er mykje lengre enn dei andre og baktåa er særs kort. Vengene er lange og spisse, medan halen, som består av 10 fjører, er avrunda. Ei typisk fjørdrakt for fuglar i denne familien er mjuk og kamuflasjefarga, ho etterliknar bork eller blad. Auge og øreopningane er i regelen store.

Under hekkesesongen gjev hannar karakteristiske summande lydar.

Som ugler har desse fuglane lydlaus flyging. Dei er hovudsakleg aktive seint på kvelden og tidleg om morgonen, eller om natta, og den viktigaste maten deira er møll og andre større flygande insekt som dei fangar i flukt.

Ein sovande natteramn sit ikkje oppreist, men ligg på magen, vanlegvis på på eit underlag av steinar og greiner. Nokre artar sit på langs etter tregreiner i staden for på tvers som er vanleg for fuglar flest. Dette gjer dei meir krevjande å oppdage.

Dvalenatteramn har ei unik evne til å gjennomgå ei form for dvale, fuglane kan redusere kroppstemperaturen sterkt i veker eller månader, andre artar i familien kan gå inn i ei stode av dvale for kortare periodar.[1] Fuglar i natteramnfamilien legg éit eller to mønstra egg rett på bakken.

Systematikk[endre | endre wikiteksten]

Trillenatthauk,Chordeiles acutipennis i Costa Rica
Foto: Jerry Oldenettel
Natteramn, Caprimulgus europaeus
Foto: Dûrzan cîrano
Puertoriconatteramn, Antrostomus noctitherus
Foto: Mike Morel

Tradisjonelt har natteramnfamilien vore delt inn i to underfamiliar; «typiske natteramnar», Caprimulginae, samlar ca. 80 artar, og natthaukar, Chordeilinae, som dekkjer ca. 10 artar. Desse to gruppene liknar kvarandre mykje, men dei «typiske natteramnane» har lengre nebb og mjukare fjørdrakter. Natthaukar er avgrensa til Amerika.

Artsliste[endre | endre wikiteksten]

Natteramnar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[3] Inndeling i underfamiliar etter HBW and BirdLife International illustrated checklist of the birds of the world, band 1, 2014.[4]

Underfamilie Eurostopodinae

Slekt Eurostopodus

  • Argusnatteramn, Eurostopodus argus, Spotted Nightjar, LC, Hartert, 1892
  • Eukalyptusnatteramn, Eurostopodus mystacalis, White-throated Nightjar, LC, Temminck, 1826
  • Djevelnatteramn, Eurostopodus diabolicus, Diabolical Nightjar, VU, Stresemann, 1931
  • Papuanatteramn, Eurostopodus papuensis, Papuan Nightjar, LC, Schlegel, 1866
  • Bergnatteramn, Eurostopodus archboldi, Archbold's Nightjar, LC, Mayr & R&, 1935

Slekt Lyncornis

  • Malaynatteramn, Lyncornis temminckii, Malaysian Nightjar, LC, Gould, 1838
  • Hornnatteramn, Lyncornis macrotis, Great Eared-Nightjar, LC, Vigors, 1831
Underfamilie Caprimulginae

Slekt Gactornis

  • Kragenatteramn, Gactornis enarratus, Collared Nightjar, LC, Gray, 1871

Slekt Chordeiles

  • Nacundanatthauk, Chordeiles nacunda, Nacunda Nighthawk, LC, Vieillot, 1817
  • Tussenatthauk, Chordeiles pusillus, Least Nighthawk, LC, Gould, 1861
  • Sandnatthauk, Chordeiles rupestris, Sand-colored Nighthawk, LC, Spix, 1825
  • Trillenatthauk, Chordeiles acutipennis, Lesser Nighthawk, LC, Hermann, 1783
  • Nordnatthauk, Chordeiles minor, Common Nighthawk, LC, Forster, 1771
  • Antillnatthauk, Chordeiles gundlachii, Antillean Nighthawk, LC, Lawrence, 1856

Slekt Lurocalis

  • Dunkelnatthauk, Lurocalis semitorquatus, Short-tailed Nighthawk, LC, Gmelin, 1789
  • Rustbuknatthauk, Lurocalis rufiventris, Rufous-bellied Nighthawk, LC, Taczanowski, 1884

Slekt Nyctiprogne

  • Dryadenatthauk, Nyctiprogne leucopyga, Band-tailed Nighthawk, LC, Spix, 1825
  • Kastanjenatthauk, Nyctiprogne vielliardi, Bahian Nighthawk, NT, Lencioni-Neto, 1994

Slekt Nyctipolus

  • Sotnatteramn, Nyctipolus nigrescens, Blackish Nightjar, LC, Cabanis, 1848
  • Pygménatteramn, Nyctipolus hirundinaceus, Pygmy Nightjar, LC, Spix, 1825

Slekt Systellura

  • Glennenatteramn, Systellura longirostris, Band-winged Nightjar, LC, Bonaparte, 1825

Slekt Nyctidromus

Slekt Eleothreptus

Slekt Uropsalis

  • Svalenatteramn, Uropsalis segmentata, Swallow-tailed Nightjar, LC, Cassin, 1849
  • Lyrenatteramn, Uropsalis lyra, Lyre-tailed Nightjar, LC, Bonaparte, 1850

Slekt Setopagis

Slekt Hydropsalis

  • Kvithalenatteramn, Hydropsalis cayennensis, White-tailed Nightjar, LC, Gmelin, 1789
  • Flekkhalenatteramn, Hydropsalis maculicaudus, Spot-tailed Nightjar, LC, Lawrence, 1862
  • Gaffelnatteramn, Hydropsalis climacocerca, Ladder-tailed Nightjar, LC, Tschudi, 1844
  • Saksenatteramn, Hydropsalis torquata, Scissor-tailed Nightjar, LC, Gmelin, 1789

Slekt Macropsalis

  • Slepnatteramn, Macropsalis forcipata, Long-trained Nightjar, LC, Nitsch, 1840

Slekt Siphonorhis

  • Haitinatteramn, Siphonorhis brewsteri, Least Pauraque, NT, Chapman, 1917

Slekt Nyctiphrynus

  • Dusknatteramn, Nyctiphrynus mcleodii, Eared Poorwill, LC, Brewster, 1888
  • Yukatánnatteramn, Nyctiphrynus yucatanicus, Yucatan Poorwill, LC, Hartert, 1892
  • Plettnatteramn, Nyctiphrynus ocellatus, Ocellated Poorwill, LC, Tschudi, 1844
  • Choconatteramn, Nyctiphrynus rosenbergi, Choco Poorwill, NT, Hartert, 1895

Slekt Phalaenoptilus

  • Dvalenatteramn, Phalaenoptilus nuttallii, Common Poorwill, LC, Audubon, 1844

Slekt Antrostomus

  • Karolinanatteramn, Antrostomus carolinensis, Chuck-will's-widow, LC, Gmelin, 1789
  • Rustnatteramn, Antrostomus rufus, Rufous Nightjar, LC, Boddaert, 1783
  • Kubanatteramn, Antrostomus cubanensis, Greater Antillean Nightjar, LC, Lawrence, 1860
  • Rustnakkenatteramn, Antrostomus salvini, Tawny-collared Nightjar, LC, Hartert, 1892
  • Mayanatteramn, Antrostomus badius, Yucatan Nightjar, LC, Bangs & Peck, 1908
  • Silkestjertnatteramn, Antrostomus sericocaudatus, Silky-tailed Nightjar, LC, Cassin, 1849
  • Mexiconatteramn, Antrostomus ridgwayi, Buff-collared Nightjar, LC, Nelson, 1897
  • Eikenatteramn, Antrostomus vociferus, Eastern Whip-poor-will, LC, Wilson, 1812
  • Costaricanatteramn, Antrostomus saturatus, Dusky Nightjar, LC, Salvin, 1870
  • manglar norsk namn, Antrostomus arizonae, Mexican Whip-poor-will, LC, Brewster, 1881
  • Puertoriconatteramn, Antrostomus noctitherus, Puerto Rican Nightjar, EN, Wetmore, 1919

Slekt Caprimulgus

  • Dragenatteramn, Caprimulgus vexillarius, Pennant-winged Nightjar, LC, Gould, 1838
  • Vimpelnatteramn, Caprimulgus longipennis, Standard-winged Nightjar, LC, Shaw, 1796
  • Brunnatteramn, Caprimulgus binotatus, Brown Nightjar, LC, Bonaparte, 1850
  • Raudhalsnatteramn, Caprimulgus ruficollis, Red-necked Nightjar, LC, Temminck, 1820
  • Orientnatteramn, Caprimulgus indicus, Gray Nightjar, LC, Latham, 1790
  • Natteramn, Caprimulgus europaeus, Eurasian Nightjar, LC, Linné, 1758
  • Busknatteramn, Caprimulgus fraenatus, Sombre Nightjar, LC, Salvadori, 1884
  • Raudkinnnatteramn, Caprimulgus rufigena, Rufous-cheeked Nightjar, LC, Smith, 1845
  • Ørkennatteramn, Caprimulgus aegyptius, Egyptian Nightjar, LC, Lichtenstein, 1823
  • Nubianatteramn, Caprimulgus nubicus, Nubian Nightjar, LC, Lichtenstein, 1823
  • Sindnatteramn, Caprimulgus mahrattensis, Sykes's Nightjar, LC, Sykes, 1832
  • Tarimnatteramn, Caprimulgus centralasicus, Vaurie's Nightjar, DD, Vaurie, 1960
  • Gullnatteramn, Caprimulgus eximius, Golden Nightjar, LC, Temminck, 1826
  • Hamrenatteramn, Caprimulgus macrurus, Large-tailed Nightjar, LC, Horsfield, 1821
  • Andamannatteramn, Caprimulgus andamanicus, Andaman Nightjar, UR, Hume, 1873
  • Floresnatteramn, Caprimulgus meesi, Mees's Nightjar, LC, Sangster & Rozendaal, 2004
  • Yamanatteramn, Caprimulgus atripennis, Jerdon's Nightjar, LC, Jerdon, 1845
  • Filippinarnatteramn, Caprimulgus manillensis, Philippine Nightjar, LC, Walden, 1875
  • Sulawesinatteramn, Caprimulgus celebensis, Sulawesi Nightjar, LC, Ogilvie-Grant, 1894
  • Tornnatteramn, Caprimulgus donaldsoni, Donaldson-Smith's Nightjar, LC, Sharpe, 1895
  • Svartflekknatteramn, Caprimulgus nigriscapularis, Black-shouldered Nightjar, LC, Reichenow, 1893
  • Eldnakkenatteramn, Caprimulgus pectoralis, Fiery-necked Nightjar, LC, Cuvier, 1816
  • Fjellnatteramn, Caprimulgus poliocephalus, Abyssinian Nightjar, LC, Rüppell, 1840
  • Ruwenzorinatteramn, Caprimulgus ruwenzorii, Montane Nightjar, LC, Ogilvie-Grant, 1908
  • Bengalnatteramn, Caprimulgus asiaticus, Indian Nightjar, LC, Latham, 1790
  • Madagaskarnatteramn, Caprimulgus madagascariensis, Madagascar Nightjar, LC, Sganzin, 1840
  • Sumpnatteramn, Caprimulgus natalensis, Swamp Nightjar, LC, Smith, 1845
  • Sahelnatteramn, Caprimulgus inornatus, Plain Nightjar, LC, Heuglin, 1869
  • Stjernenatteramn, Caprimulgus stellatus, Star-spotted Nightjar, LC, Blundell & Lovat, 1899
  • Nechisarnatteramn, Caprimulgus solala, Nechisar Nightjar, VU, Safford, Ash, Duckworth, Telfer & Zewdie, 1995
  • Grasnatteramn, Caprimulgus affinis, Savanna Nightjar, LC, Horsfield, 1821
  • Fregnenatteramn, Caprimulgus tristigma, Freckled Nightjar, LC, Rüppell, 1840
  • Sundanatteramn, Caprimulgus concretus, Bonaparte's Nightjar, VU, Bonaparte, 1850
  • Klippenatteramn, Caprimulgus pulchellus, Salvadori's Nightjar, NT, Salvadori, 1879
  • Kivunatteramn, Caprimulgus prigoginei, Itombwe Nightjar, EN, Louette, 1990
  • Kongonatteramn, Caprimulgus batesi, Bates's Nightjar, LC, Sharpe, 1906
  • Langhalenatteramn, Caprimulgus climacurus, Long-tailed Nightjar, LC, Vieillot, 1825
  • Kilehalenatteramn, Caprimulgus clarus, Slender-tailed Nightjar, LC, Reichenow, 1892
  • Bantunatteramn, Caprimulgus fossii, Square-tailed Nightjar, LC, Hartlaub, 1857

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Lane JE, Brigham RM, Swanson DL. (2004) "Daily torpor in free-ranging whip-poor-wills (Caprimulgus vociferus)." Physiological and Biochemical Zoology 77 (2):297-304
  2. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, and D. Roberson (august 2013) (CSV), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/overview-august-2013/, henta 10. august 2014 
  3. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
  4. Del Hoyo, J.; N. J., Collar, BirdLife International, ed (2014). HBW and BirdLife International illustrated checklist of the birds of the world. Band 1. Barcelona: Lynx edicions. ISBN 9788496553941. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Natteramnfamilien