Nattsvermar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vanleg bandfly (Noctua pronuba) er rekna som ein nattsvermar.
Foto: Luis Miguel Bugallo Sánchez

Nattsvermarar eller nattsommarfuglar er namnet på sommarfuglar som flyg om natta eller i skyminga. Omgrepet går tilbake på ei eldre, pragmatisk inndeling av sommarfuglar i natt- og dagsommarfuglar. Men til forskjell frå dei sistnemnde er ikkje nattsommarfuglar noko naturleg gruppe. Gruppa er òg svært ueinsforma og samansett. Namnet gjev heller ikkje noko fullgod skildring av åtferda til gruppa, sidan det finst somme «nattsvermere» som er dagaktive, og nokre «dagsommarfuglar» som er nattaktive. Omgrep nattsvermar er likevel framleis i bruk, om enn ikkje lenger i det biologiske fagspråket.

Dei mest kjende gruppene av nattsvermere er nattfly, spinnarar (med mellom andre tussmørkesvermarar), viklarar samt diverse mòlgrupper.