Naturalismen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Naturalism)
«Silda kommer» av Christian Krohg, rekna som ein naturalistisk målar.

Naturalismen var ein kunstretning innan realismen som gjekk ut på å skildra verda så naturleg og uromantisk som råd. Han er kjend for å ta opp negative tema og sjå verda i eit pessimistisk lys. I Noreg var retninga særleg framståande i 1880-åra. Naturalistisk kunst frå denne tida viste på same måte naturlege, upynta motiv, gjerne frå kvardagslivet til vanlege folk. Motiva skulle gjenskapast med nær fotografisk presisjon, og kunstverka hadde som mål å forklara sosiale og psykologiske fenomen.

Forfattaren Gustave Flaubert i ein karikaturteikning der han dissekerer romanfiguren sin, Madame Bovary.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Omgrepet naturalisme hadde opphav i Frankrike, der Zola i forordet til Thérèse Raquin kalla romanen for eit laboratorium der kjenslemekanismane blei utprøvde. Romanen var med andre ord ein stad der ein kunne studera dei biologiske og psykologiske reaksjonane til mennesket. Perioden var òg preget av Darwin sine tankar om mennesket som eit utvikla vesen. Hans Origin of Species kom ut på dansk i 1872, og den biologiske styringa av menneske blei teken opp i mange romanar på denne tida, til dømes Mogens av J.P. Jacobsen, som hadde omsett boka til Darwin.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Dei naturalistiske forfattarane prøvde ikkje å setta problem under debatt, slik dei realistiske hadde gjort noko tidlegare. I staden sette dei inn eit einsidig åtak på alt dei mente var gale i samfunnet. Medan realismeforfattarane meinte at ein kunne ta opp problem og diskutera seg fram til ei løysing innanfor samfunnet slik det var, ønska naturalistane å rive ned samfunnsrammene og erstatta dei med noko nytt.

Optimismen som prega dei realistiske forfattarane blei avløyst av djup pessimisme hjå naturalistane. Dei hadde inga tru på at endring var mogleg. Når naturalistane skreiv, brukte dei få eller ingen bilde — verka deira skulle vera ei sakleg, tørr framstilling, utan ymtingar. Nokre skribentar skjerpa krava til realisme ved å skildra dei verste skuggesidene av livet med klare deterministiske trekk.

Mennesket som blir skildra i den naturalistiske diktinga er eit produkt (resultat) av arv og miljø:

  • Det miljøet du er fødd i, vil prega deg for alltid, og du vil alltid bli i dette miljøet.
  • Fødd fattig — alltid fattig.

Naturalismeforfattarane gjekk til sterke angrep på:

Kjende forfattarar[endre | endre wikiteksten]

Norske

Franske

Russiske

Kjelder[endre | endre wikiteksten]