Naturgassfelt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Naturgassfelt eller berre gassfelt er ei nemning på eit naturleg danna petroleumsreservoar av rikgass. Rikgass er eit omgrep som vert nytta om naturgass som ikkje har vorte prosessert. Rikgass og naturgass er båe ein type petroleum. Førekomstene i berggrunnen har oppstått gjennom at organiske material har vore isolerte over lang tid. Slik har det kunna gå føre seg ei nedbryting utan tilgang på luft, ei anaerob nedbryting. Dei same prosessane har gått føre seg i eit oljefelt. I praksis finn ein varierande mengder naturgass, naturgasskondensat og råolje saman. Om det vert teke eit val om å leggja mest vekt på utvinng av naturgass, vert feltet kalla eit naturgassfelt. På mange oljefelt vert naturgassen brend ved oljeplattformen, såkalla fakling av naturgass. Ved slike høve er det ikkje etablert ei transportløysing for naturgassen.

Ut frå eit forvaltings- og styresmaktsperspektiv har ein å gjera med eit naturgassfelt fyrst når ein petroleumsførekomst med i all hovudsak naturgass er erklært drivverdig. Eigarane av rettar til feltet har då teke ei avgjerd om utbygging, og styresmaktene har godkjend ein plan for utbygging og drift (PUD).

Nokre naturgassfelt[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]