Naturleg hamn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Den naturlege Sydney-hamna. (Foto: Tim Starling)

Ei naturleg hamn er eit utrykk ein nyttar for å skildre hamner som først og fremst har vorte til fordi landskapet har vore forma slik at ein har kunna laga trygge hamner med minimalt med arbeid.

Naturlege hamner har vore senter for busetjing, fiske og handel, og har òg vore strategisk viktige. Mange store byar har vakse opp rundt dei, og den naturlege hamna i Sydney er verdas største.

I Noreg er det vanleg at vikar har fungert som naturlege hamner, og då særskilt dersom holmar og skjer har fungert som ekstra vern mot naturkreftene. Hamna i FosnavågSunnmøre vert sett på som den største naturlege hamna i Noreg.

I tempererte soner med korallvekst, til dømes i Stillehavet og rundt Australia, har det oppstått naturlege hamner av korallrev. Lagunar er ei form for naturleg hamn skapt hovudsakleg av korallrev.

Andre store naturlege hamner[endre | endre wikiteksten]