Naturleg tal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Naturlege tal vert som regel meint med dei vanlege heiltala som ein nyttar til å telje med: 1, 2, 3, osv.

Det finst derimot to definisjonar av naturlege tal. Den eine definisjonen, som ofte vert nytta innan talteori, definerer naturlege tal som mengda av alle positive heiltal: {1, 2, 3, ...}. Den andre definisjonen, som ofte vert nytta innan mengdelære og informatikk, inkluderer 0 i mengda av naturlege tal: {0, 1, 2, ...}.

Mengda av naturlege tal skriv ein N eller \mathbb N. For å klargjera kva for definisjon som er nytta vert subskriptet 0 av og til nytta for å visa at 0 er med: N0 = { 0, 1, 2, ... }. På same vis kan superskriptet * nyttast for å visa at 0 ikkje er med: N* = { 1, 2, ... }.