Naturlege regionar i Colombia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Naturlege regionar i Colombia
██ Andesregionen ██ Den karibiske kystregionen ██ Stillehavsregionen ██ Orinoquia-regionen ██ Amazonasregionen ██ Øyregionen

Ein kan dele inn arealet av Colombia i seks svært ulike naturlege regionar etter naturgjevne skilnader. Desse er Andesregionen, som dekker dei tre greinene av Andesfjella som finst i Colombia; den karibiske regionen, som dekker området som grensar til Det karibiske havet; Stillehavsregionen mot Stillehavet; Orinoquia-regionen, ein del av Llanos-slettene hovudsakleg i Orinoco nedbørsfeltet langs grensa mot Venezuela; Amazonasregionen, ein del av regnskogen i Amazonas; og til slutt øyregionen, som består av øyane i både Atlanterhavet og Stillehavet.[1]

Andesregionen[endre | endre wikiteksten]

Andesfjella dannar den mest folkerike regionen i Colombia, og her finn ein dei fleste urbane sentruma i landet. Dei viktigaste førkolumbiske urfolk hadde òg busettingane sine her. Nord for fjellmassivet kalla Macizo Colombiano i dei sørvestlige delar av Cauca og Nariño, blir colombiansk Andes forgreina i tre fjellkjeder: Cordillera Occidental, i vest mot Stillehavskysten og inkludert byen Cali; Cordillera Central, i midten mellom Cauca-dalen og Magdalena-dalen (til høvesvis vest og aust) og inkluderer byane Medellín, Manizales og Pereira; og mot aust Cordillera Oriental som strekkjer seg nordaust til Guajirahalvøya. Byane Bogotá, Bucaramanga og Cúcuta ligg alle i Cordillera Oriental.

Klima og vegetasjon i regionen varierer monaleg i samsvar med høgda, men som ein generell regel deler ein inn landet i sonene 1) tierra caliente, varmt land med elvedalar under 1000 moh., 2) tierra templada, som har meir tempererte tilhøve av mellom ca. 1000 m til 2000 moh., 3) tierra fría, kaldt land, 2000 m til 3200 moh., her ein finn det meste produktive landet og det meste av folkesetnaden, 4) zona forestada skogsona, 3200 m til 3900 moh., 5) páramo 3900 m til 4600 moh. og 6) tierra helada, frosen jord, 4600 moh. og over.

Den karibiske kystregionen[endre | endre wikiteksten]

Den karibiske kystregionen dekker 132 218 kvadratkilometer i tilknyting til Det karibiske havet, som strekkjer seg frå Urababukta i vest til Guajirahalvøya i aust og inkludert nokre av eller alle departementa i Guajira, Bolívar, Atlántico, Cesar, Magdalena, Sucre, Córdoba, Santander og Antioquia.

Ei rekkje elver ned frå Andes kryssar den karibiske regionen mot sjøen, inkludert Colombias viktigaste elv, Magdalena, som tømmer seg i havet ved Barranquilla. Ein finn dei historiske hamnebyane Santa Marta og Cartagena i denne regionen, dei vitnar om at regionen var første delen av Colombia som blei kolonisert av europearar. Jamvel generelt lågtliggande og fuktig, omfattar regionen òg Sierra Nevada de Santa Marta-fjellkjeden og Guajira-ørkenen.

Stillehavsregionen[endre | endre wikiteksten]

Stillehavsregionen gjer ut for den vestlege delen av landet mot Stillehavskysten, og dekker eit område på 83 170 km². Han strekkjer seg frå Urababukta i nord til grensa mot Ecuador i sør, og inkluderer delar av departementa Nariño, Cauca, Valle del Cauca, Antioquia, og heile Chocó.

Denne regionen er prega av høg luftfukt. Nedbørsrata er blant dei høgste i verda, med eit gjennomsnitt på 4000 mm per år. Nokre område får så mye som 12 000 mm nedbør per år. Den høge nedbørsmengda støytte ei rekkje elver, inkludert Atrato, San Juan-elva, Patia-elva, Baudo og Mira-elva. Folkesetnaden i regionen er hovudsakleg afrocolombiansk og inkluderer busetjingane til fleire urfolk, og økonomien er basert på gruvedrift (gull og platina), tømmer, fiske, fedrift og jordbruk, då spesielt dyrking av borojo (maurefamilien), bananar og kokebananar. Buenaventura er hovudhamna for Colombia på Stillehavskysten.

Orinoquia-regionen[endre | endre wikiteksten]

Regionen er òg kjent som Llanos Orientales på spansk. Orinoquia-regionen, spansk Región dei la Orinoquia, dekker det meste av departementa Meta, Arauca, Casanare og Vichada. Regionen er rik på petroleum og eigna for omfattande havbeite, men er tynt folkesett.

Amazonasregionen[endre | endre wikiteksten]

Amazonas-regionen er ein region i det sørlege Colombia over Amazonas-bassenget. Det består av departementa i Amazonas, Caquetá, Guainía, Putumayo, Guaviare og Vaupés.

Øyregionen[endre | endre wikiteksten]

Øyregionen blir rekna som ein sjette region av nokre, regionen omfattar områda utanfor kontinentale Colombia, inkludert departementa San Andrés, Providencia og Santa Catalina i Det karibiske havet og øyane Malpelo og Gorgona i Stillehavet. Men øyane har kulturelle band med dei respektive kystlinjene.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. MEMO: Natural Regions of Colombia Memo.com.co Henta 1. mars 2015.