Naturreligion

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Naturreligion er eit meir eller mindre fasttømra system av religiøs overtyding som først og fremst dyrkar naturen på ulikt vis, til dømes sola, dyr eller plantevekster. Desse religionane er vanlegvis små, ikkje organiserte og ofte avgrensa til eit folk eller ein stamme.

Da naturreligionar ikkje er tilslutta verdsomspennande organisasjonar som kristendommen eller islam, blir dei ofte karakteriserte som «primitive». Karakteristikken «primitiv» inneber ikkje berre at ein religion er gammal, men òg at han manglar ei form for kompleksitet og eit religiøst system i form av skrifter og reglar. Dette er ikkje nødvendigvis ei korrekt oppfatning av alle naturreligionar.

Naturreligion er ei fellesnemning for ei mengd religionar som innbyrdes kan vere svært ulike og heller ikkje har noko samband med kvarandre. Blant naturreligionane kan vi skilje ut bestemte grupper, til dømes animisme og sjamanisme. Naturreligionar er vanlege i bestemte regionar i Afrika, i Amerika og rundt polarsirkelen, inklusiv Sibir, blant dei finsk-ugriske religionar, inkludert samisk religion, og dessutan òg tyrkisk sjamanisme.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde:[endre | endre wikiteksten]

Bokmålswikipediaen, art. med same namn.

Spire Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.