Naust

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Steinnaust som er greve inn i bakken i bakkant.
Gamalt tømmernaust på Sunnmøre. Langveggen er kledd med delar av ei gamal båtside. Det opphavlege torvtaket er bytt med takplater.
Detalj får innsida av eit grindnaust
Naustrekkje
Vestlandsnaust med båtstø

Eit naust er eit hus som er sett opp ved sjø eller vatn for å taka vare på båten. Det vert brukt til lagringsstad for fiskereiskapar og anna. Naust vert såleis bygd med svært god lufting, så båt, garn, not, line og snøre kan turke.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Ordet naust n. kjem via norrønt naust n. av urgermansk *náustan n. (med same tyding).[1]

Lekken nau er skyld det norrøne nór 'båt' (stamme nó-), som vi òg finn att i Nóatún 'skipstun', bustaden åt den norrøne havguden Njord. Norrønt nór 'skip' kjem av urgermansk *nōwaz 'skip'. Urgermansk *nau- og *nōw- står i eit avlydstilhøve til kvarandre; avlydsvekslinga a ~ ō er velkjent, jf norrønt taka 'taka' ~ tók 'tok'. Urgermansk *nōwaz kjem av urindoeuropeisk *nāwos, og endå eldre *nexwos (oftast skrive *neH2wos), som tydde 'uthola trestamme'. *Nāwos / *nexwos har refleksar i mange indoeuropeiske språk, jf gamalindisk náuḥ f 'skip', gamalgresk naũs ναῦς f 'skip' og latin nāvis f 'skip'.

Lekken st kjem av urgermansk *sta, som kjem av urindoeuropeisk *stx, ei avleiing av den indoeuropeiske verbrota *stex 'stå'. Norsk stad 'avgrensa område' (av norrønt staðr 'stad') er avleitt av same rota.

Den opphavlege tydinga til naust er med andre ord 'skip-stad'.

Nausttypar[endre | endre wikiteksten]

Tradisjonelt har ein hatt tre typar naust i Noreg: Steinnaust, tømmernaust og grindnaust. Det kunne og byggast i kombinasjon av desse teknikkane. I dag vert det brukt moderne byggeteknikkar.

Steinnaust[endre | endre wikiteksten]

Kva byggemåte som har vorte brukt, har vore avhengig av tilgangen på byggevyrke. Ute ved kysten er det knapp tilgang til tre, medan det er flust med stein. Her finn vi dei fleste gamle steinnausta. Tre av veggane i steinnaustet er steinmur. Enden mot sjøen står anten open eller har tredør. Oppe på steinmuren er det ofte ei tømra treramme, som er samanbunden med tverrgåande betar. Over denne grinda vert så taksperrene reist. Vi finn både hellelagde sperretak og torvtak på steinnausta. I bakkant er dei ofte gravne inn i bakken.

Tømmernaust[endre | endre wikiteksten]

Til tømmernaust trengst meir trevyrke, difor finn vi flest av dei inne i fjordane. Dei er ofte omtrentleg lafta av grovhogge tømmer. Då kunne eigaren bygge dei sjølv, og det skulle vere god gjennomlufting. Takkonstruksjonen har vore sperretak, som regel torvtekt. I overkant har sperrene vore samanhefta med sperrelås og bolt. På rafta låg sperrehakket i sperrehogget på raftestokkane. Raftestokkane vart haldne på plass av tverrbetane. Vanleg mål for sperrelengda har vore 2/3 av betelengda.

Grindnaust[endre | endre wikiteksten]

Grindnaust krev mindre av trevyrke. Reisverket er samansett av grinder. Ei grind er to stavar, så høge som naustet skal verte, samanbundne av ein tverrbete. Grindene står etter kvarandre i naustet, med nokre meters mellomrom. Storbåtnaust har ofte 5 grinder. Heile konstruksjonen vert samanbunden med skråband og trenaglar. I lengderetninga ligg stavlægjet, eller rafthallen, som i tillegg til å halde sperrene, òg er med på å binde saman grindene.

Dei vanlegaste taka på grindnaust har vore torvtak med sperre, torv, never, tro, vindskier og torvvol. Torvtak som har vore til nedfalls har vorte utskift med nyare, kjøpt takkledning. Ytterveggene har oftast vorte kledde med ståande bord. På Mørekysten har gamle båtsider ofte vorte brukte til veggkledning. Det finst og grindnaust med steinvegger.

Naust har store døropningar i endeveggen mot vatnet. Dette for å gi plass til å få båten ut og inn. Det har vore vanleg med to dører som kan opnast på hengsler til kvar si side. Stundom manglar dører.

Jektenaust var store grindnaust utan veggkledning.

Leidangnaust[endre | endre wikiteksten]

Restane vi finn av leidangnausta frå mellomalderen er steinmura tufter. Desse nausta har vore store. Kinsarviknaustet, som truleg roma to leidangskip, har vore 34 meter langt og 13 meter breitt. Ved Steinkjer er det funne tufter etter 40 meter lange naust. I tillegg til steinmurar vart det og brukt grindverk i desse nausta. Det ser vi av Gulatinglova. Der er både stav, stavlægje, sperre, torvol , vindskeier, never og torv nemnt.

Naustrekkjer[endre | endre wikiteksten]

Nausta har vorte oppsette på dei best eigna stadane langs fjøra. Stadar med godt tilflot og smul sjø har vorte valde. Det har vore mange, òg dei som bor langt til dals, som har hatt bruk for naust. Difor finn vi mange naust bygde ved sida av kvarandre i såkalla naustrekkjer. Mange i lag var ein fordel når arbeid som kravde mykje mannemakt skulle gjerast.

Andre hus ved sjøen[endre | endre wikiteksten]

Frå Ryfylke og austover er det få naust. Her er det båthus eller buer. Båthus er bygde for at båten kan ligge under tak når han ligg på vatnet. Ofte kan båten òg heisast opp slik at han heng tørt, etter at han har kome flytande under tak. Slike hus har òg vorte kalla buer. Ei bu kan òg vere eit lagerhus ved sjøen. Nordover langs kysten finst to slags lagerhus i sjøkanten: naust og brygger.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Naustet er namnet på eit skodespel av Jon Fosse

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Bjorvand, Harald og Fredrik Otto Lindeman 2007. Våre arveord. Etymologisk ordbok. Revidert og utvidet utgave. Oslo: Novus forlag.
  • Gulatingslovi, Oslo 1937
  • Svein Molaug: Vår gamle kystkultur, bind 1, Oslo 1985, ISBN 82-09-10214-1
  • Øystein Færøyvik: Vestlandsbåtar, Oslo 1987, ISBN 82-504-0857-8

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Informasjonen om etymologien til naust er henta frå Bjorvand og Lindeman (2007).