Nav

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Om den offentlege tenesta, sjå Sosialtenesta Nav
Nav (markert med «H») på eit gamalt vognhjul av tre.

Nav er den sentrale delen i eit hjul som eikertane strålar ut frå.

Nav i vognhjul av tre[endre | endre wikiteksten]

Navet på trehjul var laga av trekjegler som vart heldt saman av smidde stålband. Banda vart varma opp slik at diameteren auka før det vart plasserte rundt navet. Dei vart så avkjølte med vatn, slik at diameteren minka og trekjeglene i navet vart helt saman. Midt i navet var det plassert ei røyr som akslingen gjekk gjennom, som fungerte som lager.

Nav i sykkelhjul[endre | endre wikiteksten]

Planetgir i navet på eit sykkelhjul.

Navet i eit sykkelhjul kan i tillegg til hjullager òg innehalda ei brems. Tidlegare var det vanleg med trommelbremser, som var bygd saman med navet, men i dag har dei fleste syklane skivebremser. Nokre sykklar har girskifte innebygd i navet på bakhjulet. Slike navgir er planetgir.

Navreduksjon[endre | endre wikiteksten]

lastebil, traktorar, skogsmaskinar og anleggsmaskinar er det vanleg med nedgiring i navet. Dette vert kalla navreduksjon og er utforma som eit planetgir. Føremonen med dette er at dreiemomentet som må overførast av drivakslingane då vert mindre (turtalet vert større), slik at dei kan ha mindre diameter. Dimensjonane på differensialen vert mindre, slik at frigongshøgda vert større.